Hopp til innhald

Fagstoff

NCS fargekodar

Ofte treng vi å finne tilbake til ein spesiell farge når vi jobbar med måling. Då kan vi få hjelp av NCS-kodar. Koden fortel oss kvar fargen ligg på kulørtonekretsen og i nyansetrekanten.
Fargeprøve (S 1050-Y90R)

NCS er eit kommunikasjonssystem for fargar som byggjer på korleis vi menneske ser fargar. Systemet blir brukt i fargehandelen. Fargekodar gjer at vi kan snakke om same farge utan misforståingar.

NCS fargekropp. Roterande nyansetrekant viser korleis fargane endrar seg for kvar enkelt kulørtone. Animasjon.

Kodane byggjer på elementærfargane sine forhold til kvarandre, og tala står alltid i %.

Kodane fortel oss kvar fargen ligg på kulørtonekretsen (fargesirkelen til NCS) og i nyansetrekanten.

NCS-fargesirkel Y90R. Illustrasjon.

Døme: S 1050-Y90R

Y90R viser at kulørtonen inneheld gulheit (Y) og raudheit (R). Talet viser kor mange prosent det er av den siste fargen. Her blir det 90 % raudheit (R). Summen i % skal alltid vere 100. Då kan vi rekne oss fram til at det må vere 100 % - 90 % = 10 % gulheit (Y).

Fargetriangel. Illustrasjon.

Tala 1050 beskriv nyansen. Dei to første tala fortel kor mykje svartheit det er. Mens dei to siste tala beskriv kulørtheit (fargestyrke). Nyansen i dømet har 10 % svartheit og 50 % kulørtheit (fargestyrke). Summen skal alltid vere 100 %. Vi kan derfor rekne oss fram til kvitheita:
100 % - 10 % - 50 % = 40 % kvitheit.

I modellen av nyansetrekanten står S for kor mykje svartheit det er i fargen, og C fortel kor mykje kulør (farge) det er. W står for kvitheit.

Nøytrale fargar

Grå fargeprøve. Bilete.

Gråtonane mellom kvit og svart er nøytrale. Dei inneheld ikkje kulør. I staden for ein kulørtone får dei bokstaven N i koden.

Døme: S 4500-N

Gråtonen har 45 % svartheit og ingen kulørtheit.
100 % - 45 % = 55 % kvitheit
Fargen er altså ein rein grå, utan kulør.

Standard frå 1995

S framom koden betyr at koden er standardisert. Det vil seie at den er ein av dei 1950 NCS-kodane som er norsk og internasjonal standard.

S framom koden betyr også Second Edition, andre utgåve. Det vil seie at koden er gjeldande standard frå 1995. Kodar utan bokstaven S, kallar vi for ustandardiserte NCS-kodar. Det er viktig å merke seg at det kan vere nyanseforskjel på ein NCS-kode med og utan S.

Finn NCS-kode ved hjelp av fargemålar

Fargehandlarar har ofte ein NCS-skannar som kan analysere ulike overflater og finne den nærmaste NCS-fargekoden. Slik kan du få hjelp til å identifisere ein farge, uavhengig av materiale.

NCS-illustrasjonar, tekst og kodar er gjeve att med tillating frå:
NCS®© Norwegian Colour Senter AS.

Fargane som visest digitalt, vil ikkje vere heilt identiske med korleis fargane ser ut. Sannheita er fysiske fargeprøvar.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Rune Norli og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 03.07.2019

Læringsressursar

Målaren