Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Gruppearbeid: Å analysere fargar

Vi kan sortere fargar etter kva for elementærfarge dei liknar mest på. Dette er hovudeigenskapen til fargen. I tillegg kan fargen ha innslag av andre elementærfargar. Dette er bieigenskapane. I dette gruppearbeidet skal de analysere ulike fargeprøvar og plassere dei inn i ein modell.
Fargeprøver blir sortert etter hoved- og biegenskaper i en modell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr:

Vekeblad, sakser, lim, kartong (til dømes A2- eller A3-format) og utskrift av modell for å analysere fargar.

Modell der fargar er plasserte etter hovud- og bieigenskap. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Modellen over viser korleis vi kan setje fargar inn i ein modell. Bruk fargeprøvar frå vekeblad eller liknande og plasser dei inn i den sekskanta modellen under.

Sekskant med sirkelsektorar i hjørna. Modell.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Framgangsmåte:

Del inn i grupper på 3-4 elevar.

  1. Gruppa kopierer den sekskanta modellen til stort format (til dømes A2 eller A3).
  2. Klipp ut fargeprøvar frå vekeblad eller liknande. Pass på at de finn fargar som inneheld alle dei seks elementærfargane:
    gul, raud, blå, grøn, kvit og svart.
  3. Hjelp kvarandre å sortere dei utklipte fargeprøvane etter den elementærfargen dei liknar mest på. Dette er hovudeigenskapen til fargen.
  4. I kvart hjørne av modellen skal de lage ei fargevifte, ein for kvar elementærfarge. Plasser dei reine elementærfargane i hjørnet slik den øvste modellen viser.
  5. Etterpå plasserer de utklippa slik at fargane beveger seg mot den elementærfargen den liknar på i tillegg til hovudfargen. Hjelp kvarandre med å finne ut kva for bieigenskapar fargane har.
  6. Diskuter med kvarandre om de er samde om plasseringa av fargeprøvane, før de limer dei på riktig plass i modellen.
Sekskant med elemetærfargane i NCS. Kvar farge har fargeprøver som nærmar seg mot dei andre fargane. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordring:

De kan også lage modellen ved hjelp av måling. Bland dykk fram til dei ulike fargeprøvane og plasser desse inn i same modell.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 21.11.2019

Læringsressursar

Målaren