Hopp til innhald
Fagartikkel

Fargar skaper stemning

Fargane vi omgir oss med, påverkar oss både psykisk og fysisk. Uheldige fargeval kan gjere oss irriterte og kraftlause, mens gode fargeval kan gi både glede og inspirasjon. Dette må vi vere klare over når vi skal utforme og fargesetje rom. Farge og lys er uvurderlege verktøy for å skape velvære.

Personlege fargar

Kva fargar du liker best, kan henge saman med erfaringane dine, kva slags smak du har, og kor påverka du blir av trendar. Dei fargane kvar enkelt føretrekkjer, kallar vi for personlege fargar.

Å skape ein heim bør vere personleg. Men ikkje la mote og personleg smak vere det som avgjer fargevalet. Tenk på kva rommet skal brukast til, kva påverknad fargane skal ha, og at fargevalet skal vare over tid.

Ver profesjonell og legg til side favorittfargane dine når du skal rettleie andre om fargesetjing. Sørg for god kommunikasjon for å avklare kva som er behova og ønskja til kunden.

Kulturelle fargar

Fargesymbolikk er knytt til kultur. Ulike religionar kan til dømes gi same farge ulik meining. Kvitt er symbol for sorg i Kina, mens i vestleg tradisjon blir det brukt svart.

Universelle fargar

Nervesystemet til alle menneske blir påverka av ulike fargar. Raudt aktiverer oss, og blått verkar roande. Nokre fargar kjenner vi det same for, uavhengig av kvar vi bur eller kva slags kultur vi høyrer til. Bruk kunnskap om aktive fargar til aktive rom og roande fargar til rom for avslapping.

Kjelde:

Roti, M. (2020, 1. desember). Farger påvirker oss. Føredrag på temadag ved Vågen videregående skole.