Hopp til innhald

Fagstoff

Å analysere fargar

Når vi ser fargar rundt oss, er nokre fargar meir i slekt enn andre. Vi kan sortere fargar etter kva for elementærfarge (raud, gul, blå, grøn, kvit eller svart) dei liknar mest på. Dette er hovudeigenskapen til fargen. I tillegg kan fargen ha innslag av andre fargar.
Modell der fargar er plasserte etter hovud- og bieigenskap. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hovudeigenskap

"Hovud-" kan bety "den viktigaste". Den hovudeigenskapen ein farge har, er den elementærfargen den liknar mest på. Ein farge kan til dømes ha gult som hovudeigenskap.

Fargeprøve. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bieigenskap

"Bi-" kan bety "ved sida av". Ein bieigenskap er likskap til ein annan elementærfarge enn den elementærfargen som dominerer.

Sjølv om gult dominerer i fargeeksempelet over, inneheld fargen også litt raudt. Då seier vi at fargen har raud som bieigenskap.

Fargen under har også gul som hovudeigenskap og raud som bieigenskap. I tillegg har fargen kvit og litt svart som bieigenskapar.

Fargeprøve. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Analyse av fargar

Vi grupperer først fargar etter kva for elementærfarge som dominerer: hovudeigenskapen.

Etterpå sorterer vi fargane ut frå andre elementærfargar fargen kan likne på i tillegg: bieigenskapar.

Legg merke til at ein farge ikkje kan opplevast som raud og grøn eller gul og blå samtidig. Det heng saman med at auget vårt har celler som oppfattar enten raudt eller grønt, men aldri begge fargane samtidig.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2019

Læringsressursar

Målaren