Hopp til innhald

Medie- og informasjonskunnskap 1

Medium, folkehelse og livsmeistring

Media bidrar til folkehelse og livsmeistring fordi dei dekkjer behovet vårt for informasjon, meiningsutveksling og underhaldning. Sosiale medium styrkjer og skaper sosiale relasjonar. Gjennom media får vi eit glimt inn i livet til andre menneske og høve til å gjere oss sjølv synlege for andre.

Media dekkjer og skaper behov

Media dekkjer grunnleggjande behov for informasjon, underhaldning og sosial kontakt. Men media er òg med på å skape behov, mellom anna ved å reklamere for produkt vi ikkje visste at vi trong, og ved å få oss til å drøyme om eit liv vi ikkje trudde var mogleg.

Læringsressursar

Media dekkjer og skaper behov