Kvifor bruker vi media?
I medievitskapen bruker vi omgrepet bruksstudiar (Uses & Gratifications studies) om det å forske på kva publikum bruker ulike medium til, og kva slags utbytte dei får. I dag gjennomfører ein målgruppeundersøkingar for å treffe rett målgruppe i produksjonen av underhaldning og i marknadskommunikasjon. Medievitaren Denis McQuail laga i 1987 ei liste over kva som motiverer oss til å bruke ulike medium:
- Informasjon:
- Vi ønskjer å halde oss oppdaterte på kva som skjer, og vi vil ha råd i praktiske spørsmål.
- Sosialt fellesskap:
- Vi ønskjer å vere ein del av eit fellesskap, identifisere oss med andre og føle at vi høyrer til.
- Personleg identitet:
- Vi ønskjer å få auka sjølvinnsikt og finne rollemodellar, gjerne ved å identifisere oss med kjende personar.
- Underhaldning:
- Vi liker å bli underhaldne, slappe av, komme bort frå kravet og maset i kvardagen og nyte ting vi liker.
Diskuter med ein medelev
- Unge er storforbrukarar av sosiale medium. Kva for nokre av desse behova er det dei sosiale media dekkjer?
- Kva for nokre av desse behova er viktigast for ungdom på alderen dykkar?
Media gir oss tilgang til store mengder informasjon som hjelper oss til å orientere oss. Denne informasjonen er heilt nødvendig for å få dagleglivet til å fungere i eit moderne samfunn. Vi googlar opningstider i butikken, eller vi samanliknar prisar på ei vare vi planlegg å kjøpe. Vi sjekkar vêret på Yr før vi planlegg hytteturen, samtidig som vi oppdaterer oss på dei siste smittevernreglane. Og vi sveiper innom sosiale medium for å sjå kva vennene våre held på med.
Informasjon i media gir oss kunnskap om den verda vi lever i, og er med på å forme vår oppfatning av røynda. Tidlegare heitte det at "bok gjer klok". Media gjer oss òg klokare. Samstundes gir dei oss høve til å hente informasjon som belyser eit tema frå ulike perspektiv og som utfordrar det vi tenkjer og trur. Dessverre er det slik at algoritmar i sosiale medium ofte skreddarsyr den informasjonen vi får servert slik at han passar med dei meiningane vi allereie har. Nokon hevdar derfor at vi lever i ei filterboble.
Informasjon er òg heilt avgjerande for oss som borgarar i eit demokratisk samfunn dersom stemma vår skal telje på linje med stemmene til alle dei andre. Media informerer oss om det som går føre seg i landet vårt og ute i verda, og om politiske standpunkt og prosessar vi som samfunnsborgarar må ta stilling til. Men sjølv om informasjonen er tilgjengeleg, er det ikkje alle i samfunnet som nyttar høvet til å få tak i han. Då kan det oppstå informasjonskløfter mellom dei som tileignar seg informasjon og dei som ikkje gjer det. Resultatet kan bli at dei som manglar informasjon, ikkje deltek i demokratiet og dermed gir frå seg høvet til innverknad og makt.
Det vi les, ser og høyrer i media er tema i mange av samtalane heime, på skulen, på jobben og i venneflokken. Media gir oss med andre ord noko å snakke om eller å diskutere.
Media gir oss i tillegg felles opplevingar. På 1920-talet var kinoen det nye mediet alle samla seg om. På 1950-talet flokka det norske folket seg rundt radioapparata på laurdagskvelden. 10 år seinare var det fjernsynsunderhaldninga som fylte stovene. I dag er det internett og sosiale medium som samlar oss. Medieopplevingane vi deler med andre, gir ei felles kulturell referanseramme og ei kjensle av å høyre til.
Men for nokre grupper kan media òg gi ei oppleving av utanforskap. Media speglar oftast normene og verdiane i majoritetssamfunnet, minoritetskulturar er i mindre grad representerte.
Sosial stelling
Medievitar Ida Aalen har sett nærare på korleis vi bruker sosiale medium. Ho har komme fram til at sosiale medium eignar seg framifrå til det ho kallar for sosial stelling (social grooming) på fagspråket. Det vil seie at vi klikkar på profilane til andre og kommenterer på sosiale medium for å pleie forholdet vårt til andre menneske. Forholda eller relasjonane blir styrkte av at denne merksemda er synleg for fleire enn dei vi faktisk kommuniserer med.
Unge i tenåra er i ein fase av livet der ein er spesielt oppteken av kva andre synest om ein. Det kan kanskje forklare kvifor mange unge bruker så mykje tid på å vise kor populære dei er: Det handlar meir om kva fase i livet dei er i, enn om at dagens unge er spesielt sjølvopptekne. Og som Ida Aalen seier: "Vi har behov for å føle at vi har en verdi, vi vil føle oss akseptert og inkludert. Vi vil at folk skal like oss – og framstiller oss selv deretter" (Aalen, 2015, s. 55).
Identiteten vår blir forma primært av dei menneska vi omgåst til dagleg. Men vi hentar òg mange av førebileta våre frå det mediesamfunnet vi er ein del av. Artistar, skodespelarar og idrettsheltar har alltid fungert som førebilete. I dag er influensere blitt ei eiga yrkesgruppe i sosiale medium.
Av og til har rollemodellar i sosiale medium sterkare innverknad på identiteten vår enn personane vi omgåst i kvardagen. Til dømes er identiteten til mange av ungdommane som reiste frå Europa til IS-kalifatet i Syria, blitt forma gjennom møte med likesinna i sosiale medium. Det same kan ein seie om mange høgreorienterte terroristar. Nokre forskarar hevdar at unge som ikkje finn seg til rette eller ikkje blir aksepterte i nærmiljøet, kan ende opp med å utvikle og få stadfesta identiteten sin på denne måten.
Les meir om korleis unge blir rekrutterte til terrororganisasjonar, i Linda Noors artikkel i Agenda Magasin: Slik blir vestlig ungdom forført av Daesh.
Media er ein spegel vi kan bruke til å forstå oss sjølv i lys av andre sine livshistorier og meiningar. Men dei er òg ein scene der vi kan setje i scene vår eigen identitet. Ofte er det den vellykka sida vi vel å vise fram til andre. Den meir rufsete og tafatte sida gøymer vi bort. Icenesetjing i sosiale medium har gitt dagens ungdom tilnamnet "Generasjon perfekt".
Tenk etter
- Kva ligg i merkelappen "generasjon perfekt"?
- Kva gjer ei slik sjølvframstilling med oss?
Les gjerne innlegget i Aftenpostens Si:D: Generasjon perfekt: Vi som tilsynelatende fikser «alt»
Behovet for underhaldning er grunnleggjande hos alle menneska, heilt frå babyen får den første rangla si. I dag fyller media i stor grad dette behovet. Underhaldning appellerer i første rekkje til kjenslene våre og gjer oss glade eller triste, sinte eller nøgde, engstelege eller engasjerte. Men underhaldning kan i tillegg gi oss djupare innsikt i, og medkjensle med, levevilkåra til andre menneske.
Av og til er underhaldning likevel berre noko vi bruker for å få tida til å gå. Herskarane i det gamle Roma gav folket "brød og sirkus" – mat, gåver og underhaldning som hesteveddeløp, framvising av eksotiske dyr eller gladiatorkampar. Dette var ein god strategi for å unngå folkelege opprør. Derfor bør vi vere klare over at underhaldning av og til skyggjer for samfunnsproblem som burde oppta oss, og at ho steler tid som vi kunne brukt på viktigare ting.
Fjernsynet har dei siste 70 åra vore det store underhaldningsmediet. I boka Amusing Ourselves to Death frå 1985 kritiserte den amerikanske medieforskaren Neil Postman nettopp fjernsynet. Han meinte at fjernsynsmediet gjennom forma si gjorde alt om til underhaldning. Til dømes verkar politiske debattar på fjernsyn ofte mest som boksekampar der nokon vinn og nokon taper. Ingen er oppteken av å lytte til argument frå andre. (Debattar i amerikanske presidentvalkampar er eit nærliggjande konkret døme).
Nokre viktige omgrep
- bruksstudiar (Uses & Gratifications studies)
- filterboble
- informasjonskløft
- sosial stelling (social grooming)
- influensar
- iscenesette