Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva behov får du dekt?

I desse oppgåvene skal du reflektere over kva grunnleggjande behov media dekkjer i livet ditt, og kva behov som er skapte av medieutviklinga.

Oppgåve 1

Sjå sketsjen "Offline-familien" frå NRK-programmet Underholdningsavdelingen (2015):

NRK TV: Underholdningsavdelingen sesong 3, 4. episode

Kva problem ville du ha fått i kvardagen din dersom du ikkje hadde hatt tilgang til sosiale medium?

Oppgåve 2

Psykologen Abraham Maslow skildra behovet til menneske som ein pyramide. Pyramiden er delt inn i fem trinn. Dei ulike trinna byggjer på kvarandre, så behova på dei lågaste trinna må vere dekte før dei neste blir viktig.

Pyramide delt inn i fem felt. På det nedste feltet står det Fysiologiske behov: svolt, tørste, søvn og så vidare. Over dette feltet står det Tryggleiksbehov: sikkerheit, vern. På det midtste feltet står det Sosiale behov: tilhøyrsel, kjærleik. På det nest øvste feltet står det Aksept: sjølvrespekt, status. På det øvste feltet står det Sjølvrealisering: personleg, åndeleg. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriv ein reflekterande tekst der du beskriv kva behov ulike medium dekkjer i livet ditt. Plasser desse behova på ulike trinn i Maslows behovspyramide i teksten din. Hugs at eitt og same medium kan dekkje fleire behov.

Reflekter òg over kva behov som er grunnleggjande hos deg, og kva behov som er medieskapte.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Media dekkjer og skaper behov