Eigenvurdering
Eigenvurdering i emnet media dekker og skaper behov
Kva veit du om kva behov media dekker i kvardagslivet vårt, og om korleis media kan vere med på å skape kunstige behov?
Når du har jobba med dette emnet, bør du
kjenne til behova media dekker i kvardagslivet vårt, og kunne reflektere over dine eigne medievanar
forstå korleis reklame og influensarar er med på å skape behov vi ikkje visste at vi hadde
kunne utøve kritisk mediekompetanse i møte med ulike ytringar i media
kunne reflektere over den krafta media har til å påverke haldningar, identitet og sjølvforståing
Viktige omgrep i emnet media dekker og skaper behov
Her er ei oversikt over nokre viktige omgrep som du bør kunne:
behov
bruksstudiar
filterboble
influensar
intimjournalistikk
iscenesetjing
kritisk mediekompetanse
livsstilsreklame
produktplassering
sosial stelling