Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kantine-eksperimentet

Har du tenkt over kva påverknadskraft du kan ha når du deler erfaringane dine med produkt på nettet? I dette eksperimentet får de testa om de kan påverke medelevane dykkar til å kjøpe eit bestemt produkt i kantina på skulen.
Ein asiatisk matrett på ein tallerken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

  1. Spør i kantina på skulen dykkar om dei har eit produkt de kan gjere eit eksperiment med. Sjekk òg kor mykje dei plar å selje av dette produktet i løpet av ei vanleg veke. Formålet med eksperimentet er å sjå om positiv omtale i sosiale medium kan auke salet av produktet på ei veke.
  2. Del klassa inn i ulike SoMe-grupper, til dømes ei Instagram-gruppe, ein Snapchat-gruppe og ei Facebook-gruppe.
  3. Ta bilete av produktet, spel inn videoar og skriv om dei gode smaksopplevingane og erfaringane dykkar med produktet. De står fritt til korleis de vil formidle bodskapen dykkar, og kva verkemiddel de vil bruke (bilete, video, tekst, prat). Del det de lagar, i dei ulike media, men ikkje publiser noko før de har sjekka med kantina at dei synest det ser greitt ut.
  4. Etter at de har køyrt «kampanjen» dykkar i ei veke, så spør i kantina om dei har opplevd ein auke i salet.
  5. Kva blei resultatet? Har kantina noko dei kan lære av dykk her?
  6. Kva SoMe-kanal var mest effektiv overfor målgruppa dykkar?

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2019

Læringsressursar

Media dekkjer og skaper behov