Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Treng du ein ny mobiltelefon?

Mobilen din er død, og du må ha ein heilt ny. Du gruar deg fordi du veit det kjem til å bli dyrt! Men kven er det eigentleg som betaler prisen? Kva med belastninga på miljøet? Treng du eigentleg ein heilt ny telefon?

I filmen diskuterer venene om det er mogleg å kjøpe ein mobiltelefon som er berekraftig, men kva skal eigentleg til for at ein mobiltelefon skal kunne kallast berekraftig?

Sjå filmen og reflekter saman

  • Kor ofte er det “greit” å byte ut mobilen?

  • Kunne de tenkje dykk å reparere ein øydelagd mobil i staden for å byte han ut med ein ny?

  • Nokon meiner at mange produkt er konstruerte slik at dei skal ha kort levetid. Kva tenkjer de om det?

  • Kven sitt ansvar er det at produkta vi kjøper er berekraftige?

CC BY-SASkrive av Thoms Bedin.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2021

Læringsressursar

Media dekkjer og skaper behov