Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Design ein avatar av deg sjølv

Bygg opp ein avatar av deg sjølv i eit grafisk program. Denne kan du kunne bruke som profilbilete på sosiale medium eller nettsider der du har ein brukar.
  1. Skiss på papir eller for hand. Test ut i det grafiske programmet. Bestem deg for stil og uttrykk.
  2. Jobb i det grafiske programmet og lag deg sjølv i avatarform. Lag minst to stilar av ansiktet, og lag to profilbilete med nært utsnitt og to avatarar i ståande heilfigur. Om du vil ha ei grafisk utfordring, kan du òg lage avataren i ein naturleg kontekst for deg i ein annan positur.
  3. Beskriv avataren din! Kva for ein visuell stil har du, kva verktøy har du brukt, og kva er styrkar og svakheiter ved avataren? Skriv ein tekst eller presenter avataren for medelevar i ei lita gruppe eller for klassen.
  4. Design ein avatar av ein venn eller ein kjend person. Bruk same estetikk som på din eigen avatar.
CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 12.01.2021

Læringsressursar

Bruk stilartar og uttrykksformer