Hopp til innhald

Fagstoff

Blikk og teknikk i fotohistoria

Korleis har endringar i den fototekniske historia gjort det mogleg å stadig få ny kunnskap om oss sjølve som menneske?
Døde unionssoldatar på slagmarka ved Gettysburg i Pennsylvania. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling av kamerateknologi har opp gjennom åra gitt oss moglegheiter til å fryse tida, og bilete har gitt oss innsikt vi ikkje hadde fått utan dei.

Korleis ser det ut på slagmarkene? Korleis ser det ut inni magen til ei gravid kvinne? Kva skjer med eit eple det blir skote ei kule gjennom? Korleis ser månen ut frå verdsrommet? Menneske utforskar, lurer og utviklar nye teknologiar og prøver dei ut.

Teknologien set premiss. Han gir moglegheiter, men har også sine avgrensingar når det gjeld kva det er mogleg å ta bilete av. Blikket blir øvt, glir i eitt med ei felles forståing for bilete i ein kultur, anten det er som fotograf eller som sjåar.

Korleis har eigentleg endringane i den fototekniske historia gjort det mogleg for oss menneske å stadig få ny kunnskap om oss sjølve?

Blikket og fotoblikket

Med blikk meiner vi "å sjå eller bli sett på ein bestemd måte". Bruker vi blikket, er det med all den tillærte, samla erfaringa vi har. Det treng ikkje bety at vi alltid er medvitne og til dømes tenkjer: “No lagar eg ein komposisjon, med mange trekantar, som liknar på eit måleri av Leonardo da Vinci”.

Vi kan bruke blikket for å sjå etter moglegheiter for bilete i omgjevnadane rundt oss. Med blikket kan vi også granske eit bilete og vurdere korleis det kommuniserer og kva estetikk det har.

I fotoblikket blir blikket samla i ei linse og eit apparat. Først skjer det for fotografen, så for alle som ser biletet.

Ein god fotograf er flink med valørar, komposisjonar, lys og skugge. Å fotografere betyr jo "å teikne med lys". Ein god fotograf er dessutan flink til å bruke blikket sitt til å fange eller skape situasjonar og til å formidle det vidare.

Vi tar med oss verdiane våre og synet på verda inn i bileta utan å tenkje over det. Det finst ikkje uskuldige auge.

Kameraet og fotografen

Kameraet er eit teknisk apparat. Fotografen er eit menneske. To fotografar med same fotoapparat og same motiv tar forskjellige bilete.

Kvifor er det slik, tenkjer du?

Relatert innhald

Ein fagartikkel om historia til fotografiet i Noreg og ei videoforelesing av professor Peter Larsen.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Bruk stilartar og uttrykksformer