Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk blikket

Vi ser mange bilete. Kvar dag ser ein ungdom fleire hundre bilete. Hadde du levd i mellomalderen, hadde du sett eitt i veka.
Altertavle i Urnes stavkyrkje i Sogn. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kor mange bilete ser du i løpet av ein dag? Kor lang tid bruker du på å sjå på kvart bilete? Tenk over spørsmåla sjølv, før du diskuterer med andre i klassen.
  2. Du er i mellomalderen. Det finst knapt bilete. Du har jobba heile veka ute på markene. Det er søndag og du er i kyrkja. Der er det eit skap. Skapet blir opna, og i skapet er det eit bilete. Det er mykje smerte i biletet. Personen på biletet har naglar gjennom hendene, ei tornekrone stikk inn i panna hans, og det renn blod frå eit sår han har ved magen. Biletet er så sterkt at det må lukkast inn igjen etter gudstenesta. Når såg du sist eit bilete som greip deg sterkt? Kva bilete var det? Kva reagerte du på?
  3. Korleis bruker du blikket når du tar bilete? Diskuter med ein medelev kva det vil seie å bruke blikket.


CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Bruk stilartar og uttrykksformer