Hopp til innhald
Oppgåve

Reflekter over blikket og kjønn

Inntil for få tiår sidan var det berre menn som stod bak fotoapparatet. Framleis er det eit flertal menn som jobbar som profesjonelle fotografar. Er fotoblikket opp gjennom tidene stort sett mannleg?

Oppgåve 1 Les og forstå sitatet

Les sitatet nedanfor og formuler di eiga forståing av det som står der. Diskuter og samarbeid gjerne med andre.

Idéen om blikket kan generaliseres til å beskrive en tilstand hvor man til stadighet er bevisst en eller annen bit av ens faktisitet. For eksempel er det sentralt for mange feministiske analyser at kvinner ser på seg selv med et såkalt mannlig blikk, hvor visse egenskaper ved deres kropp fremheves som essensielle for deres verdi. Ved at så mye som mulig av kvinnens oppmerksomhet således brukes på å vedlikeholde kroppen fremfor å fristilles til å forfølge nysgjerrighet og andre prosjekter, ender man i en undertrykkelsessituasjon.

Sitatet er henta frå artikkelen 'blikket' i Store Norske leksikon

Oppgåve 2 Studer biletet

  • Diskuter kva som kjenneteiknar fotoblikket i dette bildet.
  • Kva med ditt blikk? Korleis ser du biletet?

Oppgåve 3 Planlegg eit bilete

  • Korleis ser biletet ut om du skulle tatt eitt av ei naken kvinne med sykkel?
  • Kva for fototeknologi ville du brukt, og korleis?
  • Kva ønskjer du å fortelje med det?

Oppgåve 4 Diskuter i klassen

  • Kva slags ulike fotoblikk har de?
  • Korleis tenkjer de blikket og fototeknologien har endra seg sidan biletet over blei tatt?
  • På kva for måte belyser sitatet og biletet kvarandre? Kva fortel sitatet om biletet, og kva fortel biletet om sitatet?
  • Kva er situasjonen i dag for fotoblikk og kjønn?