Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På oppdagingsferd i Vincents verd

I denne oppgåva skal du studere og la deg inspirere av eit digitalt 360-bilete med tittelen Vincent world av kunstnaren Kai Chen.

Oppgåve 1

Studer 360-biletet Vincent world. Biletet vart publisert i 2018 på nettstaden Artstation. Jobb saman i par, og del det de oppdagar med kvarandre.

  1. Beskriv det miljøet du er i når du går inn i biletet.
  2. Beskriv dei ulike personane du møter i biletet. Kva fortel kroppsspråket om personane?
  3. Beskriv bruk av fargar, former og linjer i biletet. Korleis er fargekontrastar med på å leie oppmerksemda di, og korleis skaper kontrastane stemning i biletet?
  4. Beskriv opplevinga du har ved å røre deg rundt i eit 360-univers.

Oppgåve 2

I biletet Vincent world har Chen late seg inspirere av kunstverka til den verdskjente målaren Vincent van Gogh.

  1. Studer fagpresentasjonen ovanfor og les fagartikkelen i Store norske leksikon om Vincent van Gogh. Kven er Vincent van Gogh, og kva kjenneteiknar måleria hans?
  2. Kva finn du til måleria av Vincent van Gogh i biletet Vincent world? Lag ei liste over bilete som du meiner Kai Chen har brukt som inspirasjon i 360-biletet sitt.
  3. Beskriv forskjellen på eit måleri i 2D og eit 3D-bilete. Kva effekt oppnår kunstnaren når vi kan røre oss rundt i måleriet?

Oppgåve 3

Vincent van Gogh var, saman med Edvard Munch, ein av forløparane til den retninga innan moderne kunst som blir kalla ekspresjonisme. Ekspresjonismen legg vekt på kunstnaren si subjektive oppleving og kunstnaren sine tolkingar av verkelegheita.

Ta utgangspunkt i di eiga oppleving av biletet Vincent world, og bruk denne opplevinga som til å skrive ein kreativ tekst som uttrykkjer dei kjenslene du sjølv sit igjen med etter å ha rørt deg rundt i biletet. Ta gjerne utgangspunkt i ein person, eit miljø eller i naturskildringa til kunstnaren.

Du kan velje å skrive anten

  • eit dikt
  • ei kort novelle
  • ein songtekst
  • eit kort filmmanus
  • eit blogginnlegg
  • eller du kan utforme eit visuelt uttrykk

Heng tekstane og bileta opp på ei veggavis i klasserommet. Slik kan du dele eigne opplevingar og uttrykk med dei andre.

Oppgåve 4

Diskuter i klassen eller i grupper:

  1. Kva inspirerte deg til å lage nettopp det uttrykket du valde i oppgåve 3?
  2. Kva lèt vi oss inspirere av til vanleg?
  3. Korleis kan vi medvitne søkje inspirasjon når vi skal utforme ein tekst eller eit medieuttrykk?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2020

Læringsressursar

Bruk stilartar og uttrykksformer