Hopp til innhald
Fagartikkel

Street art og den anonyme kunstnaren

Du har sikkert sett gatekunst fleire stader. Gatekunst, eller det som blir kalla street art på engelsk, er fellesnemninga på kunst oppført i det offentlege rom. Nokre gonger er det rein dekor, mens andre gonger er det meint å kommunisere politiske eller sosiale bodskapar til folk på gata.
Video: Tom Knudsen, Inger Gilje Sporaland / CC BY-ND 4.0

Street art er som oftast ikkje ønskt eller bestilt av dei som eig dei flatene som blir dekorerte. Mykje gatekunst er derfor ofte ulovleg oppført. For å unngå problem med politiet er dei fleste gatekunstnarar anonyme, og dei opererer med pseudonym, kallenamn, når dei signerer verka sine.

Denne anonymiteten gir gatekunsten ei form for mystikk. Det kan vere vanskeleg å vite kven som har laga kunstverka, og kva dei tyder.

Vanlege teknikkar for gatekunst er graffiti – anten ved frihandsteknikk eller gjennom sjablongar. Andre gatekunstnarar set opp klistremerke og plakatar eller lagar måleri på ulike typar flater i bybiletet. Nokre jobbar også tredimensjonalt og lagar installasjonar og skulpturar.

Banksy – den anonyme kunstnaren

Banksy blir rekna som den mest kjende gatekunstnaren i verda. Han jobbar med sjablongar og spraymåling. Truleg bruker han og mange andre gatekunstnarar den metoden fordi det er raskare å bli ferdig på den måten enn på frihand. Då er det mindre sjanse for å bli oppdaga og avslørt.

Banksy er kjend for å kommentere samfunnet vi lever i, med politiske og humoristiske bodskapar. Ofte er bodskapen retta mot krig, mot kapitalisme, mot det etablerte samfunnet eller for fridom.

Bruk av biletelement i arbeida hans inkluderer dyr som aper og rotter eller politi, soldatar, barn og eldre. Sjølv om det han lagar, ikkje er bestilt eller lovleg oppført, er fleire av verka hans blitt auksjonerte bort av det velkjende auksjonshuset Sotheby’s til ekstreme summar.

Andre av verka hans er vortne sette på som vandalisme og er dekte til eller måla over.