Hopp til innhald
Øving

La deg inspirere av art deco

Nasjonalmuseet har ei stor samling av design som er tilgjengeleg på nett. Finn din art deco-favoritt, og bruk delar av uttrykket til å skape ditt eige design.

Art deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale. Typisk for perioden er glatte, straumlinja former og geometriske former og mønster.

  1. Søk på art deco i samlinga til Nasjonalmuseet.
  2. Vel ein bruksting, eit møbel, eit klesplagg eller ein plakat i art deco-stil.
  3. Last ned biletet og forklar korleis du kan kjenne igjen art deco-stilen.
  4. Bruk noko av det du liker i biletet du har valt, og la deg inspirere til å skape eit nytt uttrykk. Lag idéskisser til eit grafisk arbeid, der vi kan kjenne igjen element frå art deco-stilen.

Relatert innhald

Fagstoff
Art Deco

Art deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale.