Hopp til innhald

Fagstoff

Hausting av eng

Når vi skal hauste grovfôr, slår vi enga og fraktar graset av jordet i ei eller anna form. Tidspunktet for å slå graset (slåttetidspunkt) kjem an på kva dyr vi produserer fôr til, kva vekststadium graset er på, kor mykje energi vi ønsker i fôret, og vêret.
Eng med gras som er slått og ligg på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi skil mellom direktehausting, der fôret blir hausta og frakta av jordet for konservering i same arbeidsoperasjon, og to-trinnhausting, der graset først blir slått, for så å få noko tørketid på bakken før det samlast opp og fraktast av jordet.

Slåttetidspunkt

På dei varmaste delane av Austlandet, som har lengst vekstsesong, kan vi rekke tre, kanskje fire slåttar på ein sesong. I kaldare delar av landet er vekstsesongen kortare, og vi rekk kanskje berre ein eller to slåttar. Kva vekststadium vi slår graset på, avheng av to ting: Kor energirikt fôr vi ønsker oss, og kor mykje fôr vi treng. Jo tidlegare vi slår graset, jo meir energirikt er det. Ventar vi lenger før vi slår, får vi ei større mengde fôr, men lågare energiinnhald.

Strå med tjukke, tette aks. Foto.

Eit omgrep vi ofte høyrer i samband med slåttetidspunkt, er "skyting". Vi snakkar om å slå før, under eller etter skyting. Skyting er når graset set frøaks i toppen. Å produsere og modne frø er energikrevjande for graset, og frå skyting og utover vil energiinnhaldet derfor søkke. Produserer vi til dømes grovfôr til høgtytande mjølkekyr, vil vi gjerne slå enga litt før skyting eller akkurat ved skyting for å få eit høgt energiinnhald i fôret. Samtidig vil mengda fôr på ei hausting vere større viss vi ventar med å slå til etter skyting, enn om vi slår før. Kva slåttetidspunkt vi vel, kjem altså an på kva vi har behov for.

I tillegg til vekststadium på graset er slåttetidspunktet avhengig av vêret. Vi vil ikkje slå når det regnar, eller når det er meldt regn før vi får graset bort frå jordet, fordi det gir eit våtare fôr enn nødvendig. Skal vi i tillegg bakketørke grovfôret, altså la det ligge på bakken ei stund etter at det er slått, for at det skal tørke, vil vi ha fint vêr i dagane graset skal ligge ute.

Døme på utstyr til hausting av grovfôr

Når enga blir hausta, bruker vi ei rekke ulike maskiner og utstyr. Kva vi bruker, avheng av kva slags grovfôr vi skal produsere, og korleis det skal konserverast. Ulike former for to-trinnhausting er det vanlegaste, men nokon vel å direktehauste. Vi skal sjå nærare på nokre maskiner og utstyr til grashausting.

Direktehausting

Å direktehauste betyr at vi slår og samlar opp graset i same operasjon og køyrer det direkte av jordet for konservering. Då bruker vi ein fôrhaustar/slaghaustar kopla på traktoren. Han slår graset og blæs det direkte opp i ein hengjar som hengar etter traktoren. Vidare blir graset køyrt til konservering i silo. Ved denne haustemetoden blir ikkje graset tørka noko før det blir konservert, og vi må ha eit opplegg for oppsamling av silosaft/pressaft som vil renne av frå siloen fordi det er så mykje fukt i graset.

To-trinnhausting

To-trinnhausting betyr som nemnt at graset først blir slått, for å så ligge og fortørke på jordet, før det blir pressa eller blir hausta. Til dette blir det brukt ei rekke ulike utstyr og maskiner.

Slåmaskin

Først må vi slå enga. Dette gjer vi med slåmaskiner festa på traktoren. Det finst mange typar slåmaskiner, med ulike finessar og funksjonar og av ulik storleik.

Traktor som slår gras med slåmaskin montert framme og bak. Graset ligg att i striper. Det er sol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spreierive

Etter at graset er slått, kan vi køyre over med ei spreierive. Ei spreierive heng etter traktoren og løftar opp, snur og spreier graset utover slik at det tørkar jamnare, betre og raskare. Om vi vel å køyre over med spreierive eller ikkje, avheng av kor tørt fôr vi ønsker, og kor fort vi ønsker at det skal tørke. Viss vi til dømes skal tørke fôret til høyensilasje eller høy, er det lurt å spreie det, for å få betre tørk. Skal vi lage surfôr, som er våtare, er det ikkje sikkert det er nødvendig å spreie graset.

Samlerive

Når graset har fått ønskt tørrstoffprosent (altså tørka så mykje som vi ønsker) og skal pakkast eller plukkast opp frå jordet, blir det samla i ranker med ei samlerive. Samleriva heng etter traktoren og har rotorar som roterer med tinder som rakar graset same i ranker. Dei kjem i ulike storleikar/breidder, avhengig av om dei har ein, to eller fire rotorar. Kor brei samlerive vi køyrer med, kjem an på kor mykje gras vi vil samle i kvar ranke, og det igjen kjem an på kva slags utstyr vi skal køyre med etterpå.

Traktor med samlerive som vender og samlar gras frå begge sider i ei ranke.  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pressing

Den vanlegaste forma for lagring av grovfôr er framleis å presse det til ballar.

Til produksjon av surfôr er rundballar den vanlegaste forma. Ei rundballepresse heng etter traktoren, plukkar opp graset frå jordet og pressar det til rundballar. Når rundballen har fått ønskt storleik, blir han lagd på netting eller breiplast for å halde ballen saman. For at grovfôret skal kunne konserverast og lagrast, blir rundballane pakka inn i fleire lag plast etter pressing. Dette kan gjerast med ein separat rundballepakkar på ein annan traktor, eller det kan gjerast i ein og same operasjon, viss vi køyrer med ei kombipresse, som både pakkar rundballen og legg plast på etterpå. Ballane blir pakka ein og ein og blir lagde igjen på jordet. Derfrå må dei hentast med traktor og stablast der dei skal lagrast.

Traktor med ei kombipresse på eit jorde. Bak i pressa blir ein rundballe pakka inn i kvit, brei plast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit alternativ til rundballe er bigball. Dette er store firkantballar som blir pressa med bigballpresse. Her blir graset presse saman i flak og bunde saman med tråd for å halde ballen saman. Etterpå blir bigballane plastpakka og lagra på same måte som rundballane. Desse ballane blir ofte brukte til høyensilasje til hest. Vi kan òg presse små firkantballar som ikkje plastpakkast. Til dette bruker vi ei firkantballepresse. Då er vi avhengige av at graset er tørt nok til å kunne lagrast utan å pakkast inn. Høy til hest blir ofte pressa i små firkantballar.

Hausting med finsnittar, lessevogn eller snittevogn

Som alternativ til å lagre surfôr i ballar pakka i plast kan vi legge fôret i silo. Då plukkar vi opp graset i rankene etter samleriva frå jordet utan å pakke det og køyrer det til siloen for konservering. Det blir vanlegare og vanlegare å legge surfôret i plansilo. I ein plansilo blir avlinga lagd i stakk/haug og dekt med plast. Dette sparer mykje plast samanlikna med å pakke fôret i ballar, og det er ein effektiv måte å hauste og konservere store mengder fôr på.

Ein stor haug med silofôr som ligg på bakken. Fleire personar jobbar med å legge plast over han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein metode for å få graset frå jorda og til siloen er å hauste det med ein sjølvgåande finsnittar. Dette er ein stor maskin som plukkar opp graset i rankene, snittar/kuttar det i små bitar og blæs det vidare over i ein hengar som blir køyrd med traktor ved sida av finsnittaren. På veg gjennom finsnittaren kan fôret òg bli tilsett ensileringsmiddel. Det er vanleg at det er fleire traktorar med hengarar i sving, slik at det alltid er ein hengar ved sida av finsnittaren, mens andre tømmer lasset i plansiloen. Dette er ein veldig effektiv metode for å hauste inn graset, og vi kan rekke over store areal på kort tid. Samtidig er dette stort og dyrt utstyr, og det krev mange folk i arbeid samtidig.

Sjølvgåande snittar som plukkar opp graset frå jordet. Graset blir sprøyta over i ein hengar som blir køyrd av ein traktor ved sida av finsnittaren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alternativ til sjølvgåande finsnittar kan vere lessevogn eller snittevogn. Dette er hengarar som heng bak på traktoren, og som plukkar graset frå jordet direkte opp i hengaren og køyrer det vidare til siloen. Dette krev mindre utstyr og investeringar og færre folk i sving, men er langt frå like effektivt som å køyre med finsnittar.

Diskusjonsoppgåver

Tenk igjennom, og diskuter med medelevar:

  • Kva slåttetidspunkt ville du valt til mjølkeku, ammeku, sau og hest? Grunngi svaret.

  • Viss du hadde to hestar du skulle kjøpe fôr til, kva slags type grovfôr, og kva konserveringsform ville du valt? Grunngi svaret.

  • Viss ein har mjølkeku og skal produsere surfôr, kvifor trur du det er slik at ikkje alle vel å hauste det med finsnittar og lagre fôret i silo, når vi har lært at det er det mest effektive?

Oppgåve om reiskap

I denne artikkelen er det omtalt fleire typar reiskap.

  • Set opp ei liste over reiskapane som er nemnde i artikkelen.

  • Skriv ned kva dei enkelte reiskapane blir brukte til.

  • Søk på internett etter bilete og filmar som viser dei ulike reiskapane i bruk.

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2022

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar