Hopp til innhald

Fagstoff

Grønfôr

Med grønfôr meiner vi planter som blir hausta til fôr før dei er heilt mogne. Vekstane kan dyrkast i reinbestand eller som blandingar av fleire artar. Haustinga kan skje mekanisk, vekstane kan beitast direkte, vi kan gi avlinga fersk til dyra, eller ho kan konserverast som surfôr.
Utsnitt av åker med havre og erter som veks om kvarandre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Haustast i såingsåret

Det vanlegaste er at plantene blir hausta same året som dei blir sådde, og ikkje overvintrar. Dette gjeld særleg fôrreddik, grønfôrnepe, fôrraps og fôrmargkål i korsblomsterfamilien, bygg, havre og raigras i grasfamilien og erter i ertefamilien. Erter fikserer til liks med kløver nitrogen frå lufta ved hjelp av Rhizobium-bakteriar.

Kvifor dyrke grønfôr?

Den viktigaste grunnen til å dyrke grønfôrvekstar er å skaffe næringsrikt og rimeleg tilskotsfôr til dei fleirårige beita utover ettersommaren og hausten, der tilveksten går dramatisk ned.

Vi bør òg dyrke grønfôr ved vårsådd attlegg til eng. Då bruker vi grønfôrveksten som dekkvekst, med sterkt redusert såmengde. Målet er å få meir avling i attleggsåret, samtidig som vi held ugrasmengda i enga nede og unngår kjemisk plantevernbruk.

Andre gode grunnar til å dyrke grønfôr:

  • Vi utnyttar den korte veksttida.
  • Det gir god avling på ettersommaren.
  • Vi får høve til å drive vekstskifte.
  • Vi kan utnytte store mengder husdyrgjødsel.
  • Vi kan få fleire avlingar av den same arten eller forskjellige artar gjennom éin vekstsesong.
  • Det gir god forgrøde til andre vekstar.
  • Det er med på å sikre fôrtilgangen etter vinterskadd eng – grønfôr kan gi større avling enn eng i innsåingsåret.

Grønfôrvekstar

Grasfamilien

Bygg, havre og raigras. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Havre

Havren har ikkje snerpt agn som bygg, og han toler noko lågare pH. Fôrverdien til havregrønfôr går sterkt ned dersom han blir hausta etter skyting, og han må haustast i løpet av relativt kort tid for å gi eit godt fôr.

Bygg

I motsetning til havre kan bygg stå i to–tre veker etter skyting før fôrverdien går vesentleg ned. Dette gjer at vi står mykje friare til å velje haustetidspunkt når vi bruker bygg framfor havre. Samtidig dannar bygg som står for lenge, ein strårik, stri masse som er vanskeleg å pakke i siloen. Dette kan gi problem med varmgang både ved innlegging og uttak.

For å bøte på dette blir byggrønfôr ofte dyrka saman med fôrraps, westerwoldsk raigras eller erter: "økoblanding". Dette gir betre pakking i siloen og eit høgare proteininnhald enn om vi brukte reint korngrønfôr.

Raigras

Eittårig raigras (westerwoldsk) og to-årig raigras (italiensk) kan gi store avlingar. Westerwoldsk etablerer seg raskare enn italiensk raigras, men italiensk raigras veks betre utover hausten. Westerwoldsk dannar fleire skot i såingsåret og er betre eigna til ensilering.

Korsblomsterfamilien

Kollasj av grønnfôrnepe, fôrraps og fôrmargkål med raps i åker. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fôrraps

Fôrraps har høgtveksande og lågtveksande sortar. Utfordringane med denne sorten er at låg pH i jorda kan føre til sjukdommen klumprot, og at kaldt vêr om våren kan føre stokkrenning (det vil seie at planta dannar blomstrar i såingsåret).

Fôrmargkål

Fôrmargkål krev 120–130 vekstdøgn for å gi full avling. Arten blir dyrka i reinbestand til ensilering eller til direkte oppfôring. Fôrmargkål toler frost.

Fôrreddik

Vi kan så fôrreddik midtsommars (50– 80 vekstdøgn) og bruke han til haustbeite for lam. Sein såing reduserer kvalitetsforringing etter blomstring.

Erteblomsterfamilien

 Kollasj med fôrvikker og fôrerter i åker. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det finst mange sortar grønfôrvekstar i erteblomsterfamilien, til dømes fôrvikker og fôrerter. Følg med i katalogane eller på heimesidene til frøfirmaa, sidan sortimentet kan endre seg frå år til år.

Frø hos Norgesfôr

Frø hos Felleskjøpet

Grønfôrblandingar – ulike bruksområde

Det er aktuelt å bruke blandingar av grønfôrvekstar, særleg dersom avlinga skal ensilerast. Fôret får meir tørrstoff, og proteininnhaldet aukar. Kva vekst eller blanding vi vel, er avhengig av korleis vi skal bruke fôret. Vi må ta omsyn til at dei ulike grønfôrvekstane har ulik vekstlengde, og det stiller ulike krav til det tekniske utstyret.

Finn ut meir

  • Blir det dyrka grønfôr i nærområdet til skulen? Kva vekstar er det i så fall vanleg å bruke?
  • Kva vil det seie at ein art er nitrogenfikserande?

Hugselappen

Grønfôr er vekstar som blir hausta før dei er mogne.

Grønfôr blir hausta same året som det blir sådd.

Vanlege grønfôrvekstar:

  • fôrreddik, grønfôrnepe, fôrraps og fôrmargkål
  • havre, bygg og raigras
  • erter og vikker

Grønfôr er næringsrikt fôr til dyra.

Relatert innhald

Erter, linser og bønner er sunne, mettande og billege. Belgvekstane gjer dessutan jorda rik på ein fiffig måte.

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg .
Sist fagleg oppdatert 17.12.2023

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar