Hopp til innhald

Fagstoff

Grovfôr

Vi delar fôret til husdyra inn i to hovudkategoriar: kraftfôr og grovfôr. Kraftfôr er nemninga på energirikt fôr sett saman av ulike korn- og proteinvekstar, spesialtilpassa til kvart enkelt husdyrslag. Grovfôr er mindre energirikt, men er ein viktig del av fôrrasjonen til drøvtyggarane våre.
Gras som ligg i ranker på eit jorde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Grovfôret til norske husdyr består i hovudsak av gras og belgvekstar (eng), men kan òg inkludere andre grøne vekstar som halm, mais og rotvekstar. Dei fleste husdyr har ein rasjon som består av både kraftfôr og grovfôr, men sau, ku og geit et mykje grovfôr fordi dei har eit fordøyingssystem spesielt tilpassa å bryte ned gras. Dei er drøvtyggarar. Dette kan du lese meir om i emnet om husdyr. Hesten har òg ein fôrrasjon som består av store delar grovfôr.

Grovfôr kjem i mange former

Eng som grovfôr kan anten komme direkte frå beite eller i konservert form. Konservering av gras er nødvendig for å ha nok fôr i løpet av vinteren eller i periodar der beite ikkje er tilgjengeleg. Prinsippa som blir brukte er i stor grad dei same som ved konservering av mat vi menneske et. Konservering av gras går føre seg i hovudsak på to måtar: ved tørking (høy) eller ved å pakke i rundballe/silo (surfôr).

Surfôr

Når gras og andre fôrvekstar blir lagra lufttett over ein åttevekers periode, blir danna det surfôr. I denne perioden, gjæringsperioden, søkk pH-verdien i fôret slik at det blir surt. Surfôr er det viktigaste grovfôret til husdyra våre.

Enga blir slått, pressa i ballar og pakka i plast, eller ho blir køyrd inn frå jordet og lagt i silo med plastdekke. Dette fôret inneheld ein del vatn og kan ikkje lagrast utan å pakkast inn. Ein kan òg tilsetje ensileringsmiddel for å sørge for betre konservering.

Jorde med rundballar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Høyensilasje

Kvit firkantballe på eit grønt jorde. Foto.

Høyensilasje er grovfôr som er pakka lufttett i rundballar eller store firkantballar (bigball), men som er tørka ein del meir enn vanleg surfôr, slik at det har minst 50 prosent tørrstoff. Det blir vanlegare og vanlegare å fôre hest med høyensilasje, men fordi fôret ikkje er heilt tørt, krev det at ein har nok hestar på stallen til å få brukt opp fôret fort nok etter at ein har opna ein balle, fordi det etter kvart vil bli dårleg når det får lufttilgang.

Høy

Høy er engvekstar som er tørka til minst 84 prosent tørrstoff. Då treng det ikkje å pakkast lufttett, berre bli lagra tørt. Den vanlegaste lagringsforma for høy er små firkantballar, og det er hesten som er den største forbrukaren av høy.

Halm

Halm som er pakka i runde ballar og ligg på eit jorde. Foto.

Halm kan òg reknast som grovfôr. Det er biproduktet etter vi har treskt korn, altså strået til kornet. Det er veldig tungt å fordøye og inneheld lite næring. Halm blir brukt mykje som strø for husdyra våre, men kan òg inngå i fôret til drøvtyggarar som ikkje treng så veldig energirikt fôr.






Høy og halm

Det første biletet under viser høy, og det andre viser halm. Ser du forskjellen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Helle M.S. Johannessen.
Sist fagleg oppdatert 20.06.2022

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar