Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spel Alias med omgrep frå eng og fôrdyrking

Har du spelt Alias nokon gong? I denne oppgåva skal du forklare ord etter reglane i spelet Alias. Det er ein morosam og lærerik måte å øve inn faguttrykk på.
Gruppe med ungdommar sit rundt eit bord og jobbar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forklar eit ord utan å bruke ordet

Alias er eit spel som går ut på å forklare ord til medspelaren på same laget utan å bruke sjølve ordet. I originalversjonen skal ein til dømes forklare ordet BUSS, og då kan ein seie: kollektivt køyretøy som fraktar personar, motorisert, stoppar på haldeplassar osv. I denne versjonen skal de forklare faguttrykk utan å bruke sjølve ordet.

Slik speler dykk

De deler klassen inn i grupper på fire, som igjen blir delt i to par. Då er to og to på lag og speler mot det andre paret i firargruppa. Gruppa får utdelt faguttrykka. Kvart lag får eitt minutt per tur til å forklare faguttrykka for kvarandre. Dei to som ikkje er på det aktive laget, passar tida. Laget gjettar så mange ord som mogleg på eitt minutt og får eitt poeng for kvart ord dei gjettar rett. Laga speler annankvar gong heilt til alle lappane er brukte opp. Det laget som har flest rette, er vinnaren innanfor firargruppa.

Forklar uttrykka:

  1. natureng
  2. innmarksbeite
  3. kultureng
  4. kulturlandskap
  5. fulldyrka
  6. beitepussar
  7. engbelgvekstar
  8. overflatedyrka
  9. attlegg
  10. grønfôr
  11. grovfôr
  12. forgrøde
  13. dekkvekst
  14. breisåing
  15. plansilo
  16. drenering
  17. frøblanding
  18. tårnsilo
  19. radsåing
  20. biologiske skadar
  21. rundballar
  22. ensilering
  23. fysiske skadar
  24. fôrhaustar

Kopioriginal, lappar med faguttrykka:

Alias med faguttrykk.

Filer

CC BY-SASkrive av Caroline Eriksen Krilic og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar