Vinterskade på eng
God overvintring handlar først og fremst om at plantene oppnår god herding, og det er òg nært knytt til dei klimatiske forholda. Mykje er òg relatert til måten vi driv på. Det er viktig å gjere det rette, slik at plantene får avslutta veksten i tide. Plantene fyller opp lagerorgana med sukker, slik at dei er rusta til å møte ein lang og hard vinter.
God herding av plantene
Herdinga blir styrt av daglengda og temperaturen. Korleis vi driv garden, kan òg påverke herdinga. Herdinga blir styrt av
sortval
korleis enga blir hausta
beiting
gjødsling
Det er viktig at sukkerreservane blir bygde opp i lagerorgana til planta før herding.
Soppskadar
Soppskadar høyrer til dei biotiske skadane. Biotiske skadar vil seie skadar som kjem av levande organismar. Dårleg herda planter kombinert med snødekke over lang tid gir grobotn for ulike soppar som tek knekken på plantene i enga. Snø på mark utan tele forsterkar problemet.
Ulike soppartar som gir skade, er
stor grasknollsopp
grastrådkøllesopp
snømugg
Tiltak mot biologiske skadar
Klimaet er det vanskeleg å få gjort noko med, men til ein viss grad kan vi avhjelpe noko ved å
velje rett art og sort (sørlege eller nordlege sortar)
fjerne uslått gjenvekst (plantemateriale er grobotn for sopp)
strø åte på snøen (mørk kalk på snøen for å påskunde smeltinga)
Vel den frøblandinga som er tilpassa klimaet i området du sår i, til den bruken ho er meint for, og frå den leverandøren du føretrekker.
Ustabilt vintervêr med veksling mellom frost og mildvêr er ei påkjenning for plantene. Når enga eller delar av enga døyr i løpet av vinteren av fysiske skadar, er årsaka ofte samansett og summen av fleire uheldige faktorar.
Vatn og isdekke kan føre til at plantene blir kvelte. Gassutveksling ( og
) mellom planter og luft er viktig i fotosyntese og respirasjon, og is som blir liggande i dolper og hol over tid, hindrar denne gassutvekslinga.O 2 Frost kan føre til frostsprenging av planteceller.
Oppfrysing kan føre til at røter blir rivne av. Dette er verst i siltjord.
Varmt vêr kan fører til vekst på frosen jord, og plantene kan tørke ut fordi dei ikkje får tilgang til vatn.
Faktorar som kan føre til desse fysiske vinterskadane, er
relativ høg temperatur om hausten, mykje regn og lite sol
sterk teledanning med berrfrost
ustabil vinter med veksling mellom mildvêr og frost
berrfrost og tørke etter is-smelting på våren
ståande vatn på jordet (svankar, køyrespor, tett undergrunnsjord forårsaka av pakking)
Tiltak mot fysiske vinterskadar
Kort vekstperiode gir plantene lita tid til å reparere skadar etter uheldige forhold ved drifta. Tiltak mot fysiske vinterskadar kan vere
god drenering med avskjering
profilering/terrengforming
vassavløp gjennom vinteren
Betre driftsopplegg og drift av eng er òg tiltak mot fysiske vinterskadar.
Tidleg slått og hyppige haustingar er uheldig, spesielt for timotei.
Tidspunktet frå siste hausting/avbeiting er viktig –må ha tid til vekstavslutning/herding.
Stubbehøgda bør vere minst 10 cm ved siste hausting.
Hugs balansert gjødsling, spesielt for nitrogen – ikkje stimuler vekst utover hausten.
Det er viktig at det er tilstrekkeleg med andre næringsstoff (P, Ca og K).
Reparere eller fornye?
Er skadane store, må vi raskt vurdere korleis vi best kan skaffe fôr til sommaren og til neste års vinterrasjon. Aktuelle tiltak kan vere
tidleg start med reparasjon/såing i flekkar
full fornying av enga med eller utan dekkvekst
dyrking av grønfôr
Grønfôrvekstar kan vere viktige i eit skadeår. Her er fleire typar blandingar å velje mellom. Desse gir høgt avlingspotensial, så lenge det er god jordkultur og dyrkingsteknikk, og dei kan dyrkast utan behov for ekstra utstyr.