Gras- og engbelgvekstar
På beiteareal dyrkar vi ei blanding av grasartar og engbelgvekstar som eignar seg for beiting i sommarhalvåret. Vi pussar gjerne beitet mellom avbeitingane for å hindre ugras i å etablere seg og for å fremme busking av graset og fornya vekst.
Vi kan også dyrke grønfôrvekstar for beiting eller hausting. Grønfôr er eittårige vekstar.
I eng som blir hausta til fôr, blir det stort sett brukt norske frøblandingar der artane timotei, engsvindel og raudkløver dominerer. Fleirårig raigras er også viktig til slik eng. Til beite dominerer artane engrapp og kvitkløver. Raigras blir i hovudsak brukt til grønfôr eller eittårig eng og beite.
Kva artar og kva sortar vi dyrkar av dei ulike artane, varierer med vekstforholda, kvar vi er i landet, og kva slags fôr vi ønsker.
Timotei
Timotei er den viktigaste fôrplanten vår. Timotei er ein art. Av denne arten kan vi kjøpe ulike sortar. Dei enkelte sortane har ulike eigenskapar. Det blir heile tida forska for å utvikle best mogleg sortar. Den mest kjende sorten av timotei heiter Grindstad. Det er ein hundre år gammal sort.
Hugselappen
Vi dyrkar ulike grasartar og engbelgvekstar til fôr.
Kva artar og kva sortar vi dyrkar av dei ulike sortane, varierer etter vekstforholda og etter kva slags fôr vi treng.