Hopp til innhald

Fagstoff

Rotvekstar

Utanom grasmark til slått og beite er det mogleg å dyrke andre vekstar som fôrvekstar. Vi deler fôrvekstane inn i rotvekstar og grønfôrvekstar.
To neper i jorda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lite brukt til fôr

Ein haug med sukkerbetar. Foto.

Rotvekstar er i dag lite brukte til fôr. Det kjem truleg av at det krevst ein relativt stor arbeidsinnsats å både dyrke dei og fôre dyra med dei. Som fôrvekst bør vi likevel ta dei med her, sidan dei har sidan kvalitetar – dei gir gode avlingar og er velsmakande. Dyra er svært glade i rotvekstar som avveksling til kraftfôr og grasfôr. Nepe blir også dyrka som grønfôr til direktefôring eller beiting.

Nepe og kålrot

Kålrot. Foto.

Av rotvekstar har vi nepe, kålrot og bete. Dei to første høyrer til dei krossblomstra vekstane, og det er dei vi bruker ein del av til fôr. Bete er lite aktuell som fôrvekst. Han krev så mykje varme at det berre er i dei beste strøka i Sør-Norge det er mogleg å dyrke han fram til fullvakse stadium.

Derfor er nepe og kålrot dei rotvekstane det er vanleg å dyrke til fôr i Noreg.

Utfordringar

Kålmøll. Foto.

Kålfluge:
Det er svært få kjemiske middel tilgjengelege til bruk mot kålfluga. Dei seinare åra er det utvikla eit gjerde (1,7–2,0 m høgt) som er svært effektivt mot kålfluga, sidan ho ikkje flyg høgare enn éin meter over bakken.

Kålmøll:
Kålmøllen kan i varme år ha ei eksplosiv formeiringsevne, og han kan gjere stor skade på krossblomstra vekstar.

Kålmøll. Foto.

Stokkrenning:
Stokkrenning kan vere plagsamt i kjølige strøk med låg temperatur særleg om våren. Dei toårige krossblomstra vekstane trur dei har gjennomlevd ein vinter, og dei set frøstenglar allereie det første året når dei eigentleg skal samle opplagsnæring til frøformeiringa året etter.

Blomsterstand på kålrotplante. Foto.

Ugras:
Ugras kan vere eit problem. Vi manglar effektive middel til bruk i felt med krossblomstra vekstar, sidan mange av ugrasartane også er krossblomstra. I tillegg har rotvekstane open vekst på våren og forsommaren. Det vil seie at dei ikkje dekker jorda heilt, og ugraset får då både plass og lys til å vekse.

Klumprot:
Klumprot er ein alvorleg sjukdom forårsaka av ein sopp. Vekstskifte og kalking er gode tiltak mot klumprot, i tillegg er god hygiene med desinfeksjon av reiskapar og lager viktig.

Lagring

Rotvekstar lagrar best ved 0 gradar og med 95 prosent relativ luftfukt. Isolerte eksisterande rom i driftsbygning eller kjellar gir ein rimeleg lagerplass. Det har også vore tradisjon for å lagre kålrot i «kule» på marka, isolert med ventilasjon.

Hugselappen

Rotvekstar kan dyrkast som fôr.

I Noreg er det aktuelt å dyrke rotvekstane kålrot og nepe.

Rotvekstar kan gi gode og velsmakande avlingar, men det kan vere arbeidskrevjande å dyrke dei.

Relatert innhald

På denne fagstoffsida kan du lese om kva grønfôr er, og kvifor vi dyrkar grønfôr.

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg .
Sist fagleg oppdatert 24.10.2017

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar