Kva er eng og beite?
God kvalitet på grovfôret er viktig for ha god økonomi i husdyrhaldet. I Noreg er det totale jordbruksarealet på 9,86 millionar dekar (2020), og eng og beite utgjer 6,6 millionar dekar (67 prosent). Arealet for eng og beite på fulldyrka mark i Noreg har gått svakt ned etter 1999, mens arealet for overflatedyrka innmarksbeite har vore stabilt i den same perioden.
Innmarksbeite
I gamle dagar var all eng naturleg eng, og det meste av fôret vart hausta her, utanfor den dyrka jorda. Den dyrka jorda måtte brukast til jordbruksvekstar som korn og etter kvart potet. I dag blir naturleg eng nytta til beite der det ikkje kan haustast maskinelt, og det veks ville, fleirårige grasartar og urter der. I 2020 var innmarksbeitet i Noreg på 1,58 millionar dekar.
Overflatedyrka eng
Dette er grasmark som er omarbeidd i det øvre jordlaget og gjødsla opp, men ikkje pløgd, slik at gras har overteke som hovudvegetasjon. Ho er påverka gjennom beiting og er ofte gammal eng. Arealet overflatedyrka eng i Noreg er lite, og det utgjorde 0,21 millionar dekar i 2020.
Fulldyrka eng
Fylldyrka eng er kultureng med pløying, drenering, gjødsling og hausting. Slike enger er utsette for intensiv drift, forsuring, pakking og mangelfull drenering. Sådde grasartar og engbelgvekstar taper ofte i konkurransen med ugras og villgras, og engene må derfor pløyast om og såast igjen i avgrensa intervall. Fulldyrka eng er den engtypen vi har mest av i Noreg, med 4,80 millionar dekar i 2020.
Diskuter
Korleis har beiting og hausting av fôr påverka kulturlandskapet der de bur?
Kjenne de nokre døme på at kulturlandskapet har forandra seg som følge av endringar i måten husdyrhaldet blir drive på?
Relatert innhald
Det finst ulike måtar å hauste og konservera grovfôret på. Engvekstar kan lagrast som høy, silo eller rundballar.