Hopp til innhald

Fagstoff

Klima og plantevekst

Det er viktig å kjenne til korleis vêr og klima påverkar forhold for plantevekst. Klima er med på å bestemme utforming av anlegg og planteval. Vi skal her sjå på forskjellen på vêr og klima, og korleis nedbør, temperatur og vind påverkar plantene.
Plante med store, kvite blomstrar og kort stilk veks i fjellandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er forskjellen på vêr og klima?

Vêret er dei atmosfæriske tilhøva nett no på ein bestemd stad. Vêret kan endre seg på kort tid. Frå sol til regn og frå stille til vind.

Klima er vêrtilhøva over ein lengre periode. Klima er gjennomsnittsvêret over tid. Det blir brukt periodar på 30 år når klimaet på ein stad skal beskrivast. Klimaet varierer etter kvar vi er i landet, og ulike landsdelar i Noreg har ulike klimatypar.

Korleis påverkar klimaet plantevekst?

Det er fleire sider ved klimaet som påverkar plantevekst. Vi skal sjå nærare på:

  • nedbør
  • temperatur
  • daglengde
  • vind

Nedbør

Plantene kan ikkje flytte seg etter vatn. Dei må leve med dei tilhøva som er på den staden dei veks. Er det for vått eller tørt, døyr dei.

Plantene gror der det er riktige tilhøve etter vekstkravet deira. Nokre planter er tilpassa å vekse der det er fuktig. Andre føretrekker tørre tilhøve.

Temperatur

Innstråling frå sola (om sola står høgt eller lågt på himmelen) påverkar temperaturen. Solsida av eit dalføre vil oppleve høgare temperatur enn skuggesida. Ope terreng vil i solskin opplevast varmare enn i skuggen i skogen. Du kan oppleve at planter som står på solsida i eit dalføre, kan byrje å blomstre fleire dagar før plantene som står meir skuggefullt til.

Når vi går opp i fjella, vil temperaturen søkke med ca. 0,6 gradar for kvar 100 høgdemeter. Vi opplever at det blir kaldare, sjølv om sola skin.

Temperatur er viktig for:

  • avmodning
  • evne til overvintring
  • danning av blomsterknoppen for neste år
  • avlingsmengde

Eit grantre står ved foten av eit fjell. Eit termometer viser at det er høg temperatur. Treet er stort og fyldig. Eit anna grantre står på toppen av fjellet. Eit termometer viser at det er kaldt. Treet er tynt og pjuskete. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Daglengde

Vekstane i naturen er avhengige av temperatur og daglengde for å forstå at årstida endrar seg. Temperaturen kan endre seg frå år til år, men daglengda er stabil. Når vi dyrkar i veksthus, kan vi sjølv regulere desse variablane.

Plante med rosa blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Hos G3 Ungplanter kan du lese meir om kva slags vekstkrav margerittane har.

Vind

Vind oppstår fordi lufta prøver å jamne ut forskjellar i lufttrykk på ulike stader. Jo større forskjell det er på trykket rundt omkring, jo meir vil det blåse. Vinden blir trekt frå høgtrykk mot lågtrykk.

Når du går ute i naturen eller nær ein trafikkert veg, kan du legge merke til korleis vind kan vere med på å stresse planta til å ha mindre tilvekst, eller at plantene lener seg i den retninga vinden blæs.

Vind stressar nemleg plantene. Når du sit på bussen og han køyrer forbi ei rekke med store tre, kan du ofte legge merke til at det ser ut som treet er forma etter busskroppen. Nokre gonger er trea skorne, men ganske ofte gror dei vesentleg mindre der vinden frå bussen blæs mot greinene på treet.

Vegetasjon som bøyer seg i ei bestemd retning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klimasonekart for plantevekst

Kjennskap til vekstkravet til plantene er viktig. Landet er delt inn i ulike klimasoner, og det blir definert kva soner ei plante eignar seg for. Gjennom klimasonekart kan du finne ut om dei plantene du ønsker å bruke, kan klare seg i klimaet i området ditt.

Hos Eliteplanter finn du klimasonekart og plantelister for ulike klimasoner.

Oppgåve

Du står i Solvorn ved Sognefjorden 3 meter over havet (moh.). Det er 20 gradar. Vi ser bort frå vindtilhøva. Ta utgangspunkt i at temperaturen søkk med 0,6 gradar per 100 høgdemeter. Soleibotntind er 2083 moh.

  • Kor mange gradar er det då på toppen av Soleibotntind?
  • Har du sjølv merka at det blir varmare når du går nedover frå ein fjelltopp eller liknande?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Anita Gram.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2023

Læringsressursar

Planter