Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver om pollinerande insekt

Lær meir om pollinerande insekt med desse oppgåvene, og prøv å artsbestemme dei ved hjelp av teknologiske hjelpemiddel.
Hand som held ein telefon der appen Artsorakel er i bruk. I bakgrunnen er det ei eng med mange små, kvite blomstrar, og på telefonskjermen står det 100 % treff for Grasstjerneblom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1. Praktisk oppgåve

Blir gjort i sommarsesongen. Ta ein tur ut i grønsakshagen, ei blomstereng eller eit anna område med mange blomstrar. Ser du nokon insekt du tenker kan vere pollinerande? Klarer du å sjå kva insekt det er?

2. Praktisk oppgåve med digitale hjelpemiddel

For å gjere denne oppgåva treng du ein mobiltelefon.

  • Last ned appen Artsorakel.

  • Ta eit bilete med mobiltelefonen din av eit insekt, og sjå kva orakelet foreslår at det er.

  • I Googles eigen nettlesar finn du Google Lens. Her kan du trykke på søk på bilete. Gir søket med Google Lens det same forslaget?

  • Diskuter eventuelt fordelar og ulemper ved å bruke digitale hjelpemiddel for å artsbestemme insekt.

3. Diskusjonsoppgåve

Kva kan de gjere for å legge til rette for pollinerande insekt? Ta gjerne utgangspunkt i eit bestemt område, til dømes skulehagen.

Relatert innhald

Dei pollinerande insekta hjelper oss å få gode avlingar med mykje blomstrar, frukt og grønsaker.

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 10.05.2022

Læringsressursar

Planter