Hopp til innhald
Fagartikkel

Fotosyntesen

Fotosyntesen er den viktigaste livsprosessen på jorda. For over tre milliardar år sidan var det ikkje oksygen i atmosfæren. Dei eincella enkle organismane som fanst då, levde i havet. For det meste av livet den gongen var oksygen ei gift.

Somme celler dreiv med fotosyntese. Dei brukte CO2 og vatn for å danna sukker som dei brukte til næring, og oksygen som dei sleppte ut. Gjennom eit par milliardar år vart det meir og meir oksygen i atmosfæren. Dette skjedde for ca. 500 millionar år sidan. Då hadde atmosfæren fått nok oksygen til at planter og dyr kunne leva der. Plantene treng oksygen for å driva celleanding.

Mogleg med liv på land

Då plantene hadde byrja veksa landjorda, var det mogleg for dyr å krabba opp på land. Dette gjorde dei først for å unngå rovdyra i havet, men etter kvart utvikla dei seg til å kunna vera lenger på land enn i vatn. Dei utvikla lunger for å kunna ta opp oksygen frå lufta i staden for frå vatnet.

Plantene og fotosyntesen er derfor opphavet til nesten alt livet som eksisterer på planeten vår.

Fotosynteselikninga:

6CO2 + 6H2O + lys = C6H12O6 + 6O2

Karbondioksid + vatn + sollys = sukker (glukose) + oksygen


Produserer sukker

Når plantene driv fotosyntese, produserer dei sukker. Dette sukkeret vert brukt til mykje forskjellig. Plantene bruker sukker til næring, som dei for eksempel lagrar i knollar under bakken. Då vert sukkeret danna om til stive – dette skjer blant anna i poteta.

Plantene bruker også sukkeret til å danna byggjematerialar for å veksa. Då vert sukkeret omgjort til cellulose – som for eksempel stammen på eit tre. I tillegg til at sukkeret er næring og byggjemateriale for plantene, er det også næring for dyr og menneske. Det er berre planter og algar som driv fotosyntese og kan produsera sukker. Vi kallar dei derfor produsentar.

Klorofyllkorn eller grønkorn

For at plantene skal kunna driva med fotosyntese, har dei grøne korn inne i cellene. Grønkorna har klorofyll som kan fanga energien i sollyset. Dei fungerer nesten som solcellepanel. Energien som plantene hentar frå sollyset, bruker dei til å danna sukker: glukose. Oksygen er eit avfallsprodukt som plantene slepper ut.

I tillegg til fotosyntesen må planter driva med celleanding. Det gjer dei heile tida. Er det nok lys, vert det produsert meir energi i fotosyntesen enn det vert brukt i celleandinga, men er det mindre lys, vil plantene etter kvart ikkje klara å henta energi gjennom fotosyntesen, og dei må gå over på rein celleanding. Når plantene bruker like mykje oksygen i celleandinga som dei slepper ut gjennom fotosyntesen, kallar vi det kompensasjonsnivået til plantene. Ulike planter har ulikt kompensasjonsnivå, avhengig av om dei er tilpassa å veksa i mykje eller lite lys. At planter bruker oksygen når det er lite lys, er grunnen til at det ikkje er lurt å ha planter på soverommet.

Simulering: Fotosynteselaboratorium

Relatert innhald

Fagstoff
Fotosynteselaboratorium

Simulering av korleis temperatur, lysfarge, lysstyrke og tilgang på karbondioksid verkar på fotosyntesen.