Plantenæring
Vi deler næringsstoffa inn i to grupper:
- makronæringsstoff
- mikronæringsstoff
Makronæringsstoff treng plantene mykje av, mens dei treng berre små mengder av mikronæringsstoff.
Plantene treng karbon og oksygen som dei får frå lufta, og hydrogen som dei får frå vatnet. Desse stoffa treng plantene i fotosyntesen og celleandinga. I tillegg treng plantene også andre viktige næringsstoff for å leva. Desse næringsstoffa kallar vi makronæringsstoff.
Dei tre viktigaste makronæringsstoffa som det ofte kan vera for lite av, er nitrogen, fosfor og kalium (NPK). Vi kallar dei primærnæringsstoff. Kunstgjødsel eller handelsgjødsel har ofte NPK om nemning, etterfølgt av nokre tal som fortel kor stor prosentdel gjødsla inneheld av kvart stoff. For eksempel fortel tala 21.4.10 oss at det er 21 prosent nitrogen, 4 prosent fosfor og 10 prosent kalium i gjødsla. I tillegg kan gjødsla innehalda blant anna nokre sporstoff og bindemiddel.
Andre viktige makronæringsstoff som plantene treng ganske mykje av, er kalsium (Ca), magnesium (Mg) og svovel (S). Desse stoffa er det meir sjeldan at det er mangel på i jorda, og derfor kallar vi dei for sekundærnæringsstoff.
Dette er stoff som plantene treng i svært små mengder, men som dei er heilt avhengige av. Det er sjeldan mangel på desse stoffa i jorda, men PH-verdien i jorda kan påverka evna plantene har til å ta opp stoffa. Eksempel på mikronæringsstoff er jern (Fe), kopar (Cu), mangan (Mn), bor (B), sink (Zn) og klor (Cl).
Nitrogen er viktig for proteina i planta. Desse proteina er byggjesteinar og viktige for veksten og danninga av bladverk. Nitrogen er det stoffet planta treng mest av, og som lett vert vaska ut av jorda. For å unngå nitrogenmangel er det viktig at jorda har mykje organisk materiale. Mangel på nitrogen gir gule planter med svak vekst. Det kan også verta for mykje nitrogen. Då veks planta for raskt, noko som gir svake planter. Det kan også gi for mykje bladverk i staden for blomstring og frukt.
Fosfor er viktig for rot, skot og blomstring. I tillegg er fosfor viktig i fotosyntesen. Lite fosfor gir dårleg vekst og brune flekker på blada.
Kalium er viktig for vassopptaket, i fotosyntesen og for at plantene skal kunne stå imot tørke, kulde og sjukdommar. Det er viktig med kalium for å få god kvalitet på frukt og bær. Kaliummangel gir døde, gråkvite flekker på blada, spesielt eldre blad.
Kalsium er viktig for å styrkja celleveggene, og det gir frukt og grønsaker lengre haldbarheit. Det er ofte nok kalsium i jorda, men plantene kan likevel få mangelsymptom. Dette er fordi kalsium vert transportert med vatn, og plantene er derfor avhengige av jamn vasstransport. Mangel kan gi brune, rotne bladtuppar og brune, blaute flekker på frukta. Det er på de unge delane av planta du ser mangelsymptoma først. Vi tilfører kalsium i form av kalk for å heva pH-verdien så jorda ikkje vert for sur. For sur jord kan gi plantene problem med å ta opp mikronæringsstoff.