Hopp til innhald

Naturbasert produksjon og tenesteyting (NA-NAB vg1)

Biologi

Biologi er læra om alt levande. Dette emnet handlar om levande organismar og kva dei treng for å leve. Kunnskap om dei ulike artane, artane sine krav til miljøet og samanhengane i naturen er viktig for å kunne gi planter, dyr og fisk riktig stell. I naturbruksyrka treng vi kunnskap om biologi.

Planter

Stell og hausting av ulike planter er vanlege arbeidsoppgåver i mange naturbruksyrke. I dette emnet lærer du meir om planter. Kva er eigentleg ei plante? Kva treng ei plante for å leva? Korleis er plantene bygde opp? Du får også læra om fotosyntesen – den viktigaste prosessen i naturen!

Læringsressursar

Planter