Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag eit terrarium i klasserommet

Kva treng planter for å leve? Korleis vil planter utvikle seg inne i ein lukka glasbehaldar? Vil dei overleve? Eit lukka terrarium er eit økosystem i miniatyr. Lær meir om planter ved å lage eit terrarium i klasserommet.
Planter i ein lukka glasvase. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De treng

  • ein glasbehaldar som kan lukkast så han blir heilt tett
  • grus
  • trekol
  • ein liten bit vekstduk
  • jord
  • planter

Tips

Som glasbehaldar kan de nytte eit stort norgesglas eller ein annan behaldar som kan lukkast. Terrarium kan de kjøpe der det blir selt planter og tilbehøyr. Litt kol blir nytta for å hindre muggdanning i terrariet. Vel planter som toler eit fuktig vekstmiljø slik som bregnar, mosar, begonia eller "husvandrar" (Tradescantia).

Framgangsmåte

  1. Legg eit lag grus i botnen. Dette skal verke som drenering.
  2. Legg eit tynt lag trekol oppå grusen.
  3. Legg på ein liten bit vekstduk. Denne skal hindre jorda i å søkke ned mellom grusen.
  4. Fyll på med jord til omtrent halvvegs opp i behaldaren.
  5. Set plantene i jorda.
  6. Pynt eventuelt med steinar, pinnar eller kongler.
  7. Vatn så det er passe fuktig, og set på lokket.
  8. Plasser terrariet lyst.
  9. I starten må de følge med på om det har vorte passe fuktig. Fyll på med litt vatn viss det verkar tørt. Har det vorte for fuktig, må de la lokket stå av ei stund så noko vatn kan fordampe.
  10. Terrariet skal så stå utan tilførsel av vatn eller næring. Lokket skal ikkje opnast.

Oppbygginga av eit lukka terrarium med planter

Lukka glaskrukke med grus, trekol, vekstduk, jord og planter. Illustrasjon.

Oppgåver

Samarbeid to og to om desse oppgåvene, og diskuter i klassen etterpå.

  1. Kva er definisjonen på eit økosystem? Kan vi kalle terrariet eit økosystem?
  2. Eit økosystem består av biotiske (levande) delar og abiotiske (ikkje-levande delar). Kva slags biotiske og abiotiske delar finst i terrariet?
  3. Vi deler dei biotiske delane av eit økosystem inn i produsentar, konsumentar og nedbrytarar. Kva for nokre av desse gruppene finst i terrariet?
  4. I eit økosystem går stoffa i eit krinsløp. Finn døme på slike stoff. Diskuter om det vil vere noko krinsløp av stoff i terrariet.
  5. Kva treng ei plante for å leve? Vil plantene overleve i terrariet i tida framover? Kor lenge trur de dei kan leve der? Forklar kvifor de trur at dei vil overleve / ikkje vil overleve.

Diskuter: 50 år gammalt terrarium?

I denne artikkelen frå greenprophet.com kan de lese om eit 50 år gammalt terrarium. Artikkelen er på engelsk.

Artikkelen handlar om ein mann som for 50 år sidan laga eit terrarium. På 50 år har han gitt vatn to gonger. Ut over det har glasbehaldaren vore lukka og urørt. Trur de denne historia er sann?

CC BY-SASkrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Planter