Hopp til innhald

Fagstoff

Pollinerande insekt

Skal du drive planteproduksjon i landbruket, kjøkkenhage eller drivhus, bør du ha god kjennskap til korleis insekt påverkar plantane. Dei pollinerande insekta hjelper oss å få gode avlingar med mykje blomstrar, frukt og grønsaker.
Ei lodden, gul bille med svarte striper sit på ein blå blomster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Pollinatorar

Bie som har masse gult pollen på kroppen. Ho sit på ein gul blomster. Foto.

Opp mot 30 prosent av matproduksjonen vår er avhengig av hjelp frå insekt til bestøving. Eit anslag tilseier at 87,5 prosent av planteartane i Europa er avhengige av insektsbestøving.

Dei fleste veit at bier er gode pollinatorar. Vi har både ville og tamme bier. Dei tamme lever i koloniar og bur i bikubar. Dei krev tilsyn og stell som andre produksjonsdyr. I tillegg til å pollinere plantar gir dei oss honning. I naturen har vi ville bier og andre pollinatorar som sommarfuglar og biller. I Noreg har vi 208 artar ville bier, 35 av desse er humler. Ein tredel av villbiene er utryddingstrua.

Døme på nyttevekstar som avhengige av pollinatorar:

  • tre: morellar, kirsebær, eple, pære

  • buskar: bringebær, rips, stikkelsbær

  • bær, grønsaker: blåbær, tyttebær, jordbær, squash, graskar

Ein del andre plantar er avhengige av pollinatorar for å produsere frø, til dømes lauk, gulrot, fennikel, pastinakk, karve og selleri.

Mat nok til pollinatorane

Svart sommerfugl med kvite og oransje teikningar sit på en syrinblomster. Foto.

For å auke mengda ville pollinatorar knytt til planteproduksjon er det viktig å ta vare på kantsoner med tre, buskar og blomstrar som kan gi pollinatorane ein variert diett gjennom heile sesongen. Tidleg om våren er til dømes treet selje viktig fordi det blomstrar når humledronningane vaknar frå vinterdvalen sin. I kantsoner og mellom avlingane kan vi plante blomstereng med pollinatorvennlege blomstrar. Å ha ulike artar matplantar som blomstrar til ulike tider er òg betre for å hjelpe og ha maksimal nytte av pollinatorane. Monokulturar – store område med berre éin planteart – er ikkje like bra for pollinatorar. Då vil dei ha mykje mat i ein kort periode mens denne arten blomstrar, men viss det ikkje er nok pollinatorar, rekk dei kanskje ikkje å pollinere heile avlinga. Så vil pollinatorane svelte når blomstringa er ferdig, viss dei ikkje kan finne mat andre stader i nærleiken.

Vern mot framande artar

Vi skal unngå å innføre artar som ikkje høyrer naturleg heime i nærliggande økosystem. Det er mogleg å kjøpe humler som er avla spesielt til å ha i drivhus, men import av mørke jordhumler til drivhus har skapt problem. Tidlegare var ikkje desse humlene vanlege i Noreg, men no ser vi at dei utkonkurrer andre, ville humleartar.

Gode habitat

Pollinatorar treng stader å skjule seg ved dårleg vêr og for overvintring, og dei treng òg materiale å lage bol i. Rotnande trevirke, kvisthaugar, sandhaugar, gamle steingjerde og steinrøysar er døme på habitat som insekt treng. Er det lite gamalt trevirke og kvisthaugar i nærleiken, kan vi lage insekthotell.

Korridorar

Tap av leveområde på grunn av arealendringar fører til at typiske leveområde for insekt forsvinn. Andre leveområde blir skilde frå kvarandre av store landbruksareal, motorvegar og liknande. Dette er ei av hovudårsakene til at dei ville pollinatorane slit i dag. Det er viktig at vi legg til rette med korridorar mellom ulike naturlege leveområde, slik at pollinatorane kan flytte seg ved behov. Kantsoner langs åkrar og vegar er viktige i denne samanhengen, men òg plantning i hagar og parkar i byar og bustadområde.

Omgrep

Pollinering: overføring av pollenkorn frå pollenberar (dei hannlege delane på planta) til arr (dei hunnlege delane på planta), slik at blomsteren kan bestøvast og frø kan dannast. Kan skje ved vind, insekt, dyr eller fuglar.

Pollinator: ein organisme som utfører pollinering. Dei vanlegaste er insekt som bier, humler og sommarfuglar.

Monokultur: dyrking av same planteart over eit større område.

Kantsoner: Oftast snakkar vi om kantsoner mellom jordbruksareal og vassførekomst, men òg vegkantar og korridorar mellom jordbruksareal kan bli kalla kantsoner.

Økologiske korridorar: område som koplar saman to økosystem slik at artar har høve til å bevege seg mellom desse.

Kjelde

Steel, C. (u.å.). Humler og andre bier. Sabima. https://www.sabima.no/trua-natur/humler-og-bier/

CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022

Læringsressursar

Planter