Oppgåve
Kva skal til for at uteplanter skal setje blomsterknopp?
Nokre år blir det mykje bær, andre år lite. Vi ser at blomstringa varierer frå år til år. Kvifor er det slik? Kva skal til for at plantene set blomsterknopp?
Njøs næringsutvikling har laga ein rapport som handlar om korleis frukt- og bærvekstar utviklar blomsteranlegg som seinare skal utvikle seg til bær, og korleis klima påverkar dette.
Rapporten frå Njøs næringsutvikling kan du lese her (PDF).
Les innleiinga i artikkelen og svar på spørsmåla under.
Forklaring på uttrykk i artikkelen: Adaptasjon betyr tilpassing eller tilvenning.
- Når blir avlingspotensialet avgjort for frukt og bær?
- Kva påverkar avlingspotensialet?
- Korleis påverkar temperaturen kvile/knoppskyting?
Denne rapporten handlar om frukt- og bærplanter, men mange tre, buskar og andre planter har same behov for ei bestemd daglengde og temperatur for å setje blomsterknoppar / starte vekst eller gå i kvile.
Relatert innhald
Fagstoff
Klima og plantevekstVi skal her sjå på forskjellen mellom vêr og klima og korleis nedbør, temperatur og vind påverkar plantene.