Fagstoff
Risikomoment: sprut i auga
Synet er ein viktig sans når du skal drive med overflatebehandling. Du må beskytte auga mot sprut og partiklar. Det finst fleire typar verneutstyr som beskyttar auga.

Ulike typar augebeskyttelse. Vel den typen som er anbefalt frå målingsprodusenten eller som er mest formålstenleg.
Helsefare: måling og løysemiddel i auga
Under overflatebehandling, både ved reingjering og påføring, kan det komme uønskte partiklar i auga. Då må du beskytte auga med den typen verneutstyr som er rett til det arbeidet du skal utføre.
Du kan bli utsett for ulike risikofaktorar som du må beskytte deg mot:
Løysemiddel kan irritere eller skade auga.
Sikkerheitsdatabladet viser kva helserisiko du kan bli utsett for.
Bruk godkjende vernebriller eller visir.
Kva gjer du om du har fått måling i auga?
Har du fått måling eller løysemiddel i auga, må du skylje auga i minst 15 minutt med desinfisert, reint vatn. Du må òg søke medisinsk hjelp.
Før du startar med overflatebehandlinga, er det viktig at du veit kvar alle augeskyljestasjonane og nøddusjstasjonane er plasserte.