Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Sikkerheit ved bruk av utstyr

Du bruker ofte trykksett utstyr både ved reingjering og når du jobbar med overflatebehandling.

Trykksett utstyr

Slipande medium / vatn beveger seg i slangar med svært høg hastigheit. Det kan skape statiske elektrisitetsforhold. I tillegg til dei elektrostatiske utfordringane kan slipande medium frå blåsereinsing bevege seg i ei hastigheit på over 300 km/t. Det kan føre til stor skade å bli treft av slipemediet.

Ved vassreinsing med høgtrykk (UHPWJ) kan trykket frå utstyret gjennom dysa vere høgare enn 210 MPa, altså 2100 bar. Dette trykket kan gjere stor skade dersom vasstrålen treffer kroppen og huda. Det er derfor viktig å bruke verneutstyr som beskyttar deg mot det høge trykket.

Alt blåsereins-, målings- og vasspylingsutstyr skal koplast til eit jordingspunkt. Bruk av antistatiske slangar er nødvendig for å unngå at elektriske gneistar hoppar frå eininga til underlaget. Slike gneistar kan gi maskinoperatøren støyt.

Alt utstyr som blir trykksett, frå slangar til trykkbehaldarar, må trykktestast og klassifiserast etter standardiserte testparametrar. Dessutan må det kontrollerast for utløpsdato før bruk. Luftfrie målingsslangar, vasstrykklangar, blåsereinseslangar og trykkluftslangar må vere godkjende for gjeldande driftstrykk med definert sikkerheitsmargin.

Bruk berre rette og godkjende slangekoplingar, dødmannsventilar, handtak, dyser osb.

Slagverktøy og vibrerande verktøy

Blir du eksponert for handverktøy som vibrerer, kan det føre til den irreversible tilstanden "kvite fingrar". Han kjem av skadd blodsirkulasjon.

Unngå lange arbeidsperiodar med slikt utstyr. Hald deg innafor tillaten tid, og ta regelmessige pausar for å stabilisere sirkulasjonen.

Rettshavar: FROSIO.
Sist oppdatert 10.11.2023