Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Risikomoment ved påføring av måling

Når du skal påføre måling og lakk, kan du bli utsett for nokre helse- og sikkerheitsrisikoar. Kva er det viktig å beskytte seg mot, og korleis skal du beskytte deg?

Helsefare og beskyttelse

Vanlege utfordringar ved overflatebehandling:

  • helse: innanding og hudkontakt

  • miljø: utslepp til luft, vatn og jord

  • sikkerheit: eksplosjon og brann

Kjelder til helsefare og helsefare

Kjelde

Helsefare

bindemiddel i måling
  • hudkontakt

  • spesielt epoksy: amin og isocyanat kan gi hudirritasjon og allergiske reaksjonar

løysemiddel i måling

løysemiddel inn i kroppen ved inhalering, hudkontakt og svelging

andre kjemikal

helseskadelege stoff i måling: tjøre og tungmetall

Hudkontakt

Får du måling eller lakk på huda, kan det gi ein allergisk reaksjon, brennande hud, blemmer og sår.

Du må setje deg inn i sikkerheitsdatablada for dei produkta du bruker. Då kan du kartlegge risikomomenta du kan bli utsett for og korleis du skal beskytte deg.

Det er òg viktig å vite kva du skal gjere dersom du er uheldig og blir eksponert for desse risikomomenta.

Rettshavar: FROSIO.
Sist oppdatert 10.11.2023