Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Risikomoment: botnstoff

Botnstoff blir påført konstruksjonar som skal vere under vatn, som båtskrog og oljeplattformer. Botnstoffet blir påført for å unngå at konstruksjonane blir overgrodde. Men det har nokre risikomoment du må vite om når du påfører det.

Risikomoment ved bruk av botnstoff

Botnstoff kan vere bygd opp av ulike råstoff. Derfor har dei ulike eigenskapar og risikofaktorar. Biocidprodukt blir brukte for å få bukt med uønskte organismar. Dei blir regulerte av ei eiga forskrift, Forskrift om biocid. Biocid som blir brukte som botnstoff, ligg under hovudgruppe 4, PT21: grohemmande middel.

Biocidprodukt kan ha svært skadelege eigenskapar for helse og miljø. Regelverket skal sørge for god beskyttelse av helse og miljø for menneske og dyr.

Koparoksid er eit biocid som er mykje brukt i botnstoff. Det kan gi akutte tilstandar som hovudverk, eksem og kvalme. Langvarig eksponering kan gi irritasjon i auga og på huda.

Beskyttande tiltak

Når du påfører botnstoff, må du kjenne til og forhalde deg til databladet frå leverandøren. Det kan vere ein del av forarbeidet ditt ved ein sikker jobbanalyse.

Som grunnleggande beskyttande tiltak bør du som eit minimum bruke:

  • vernemaske for å unngå innanding av spraytåke/dropar

  • verneklede som dekker heile kroppen

  • støvlar og hanskar

Rettshavar: FROSIO.
Sist oppdatert 24.01.2024