Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Risikomoment: isocyanat

Isocyanat blir brukt som ein base og eit tilsetjingsstoff i enkelte målingstypar. Bruk av slik måling kan vere risikofylt. Det er viktig å ta rette forholdsreglar.

Helsefare: isocyanat

Isocyanat er eit samleomgrep på ei gruppe kjemiske stoff som blir brukte som ein komponent i polyuretanprodukt. Vanlege polyuretanprodukt er måling, lakk, lim, fugemasse, bygnings- og isolasjonsskum og skumgummi.

Eksponering for isocyanat kan skje i samband med arbeidsprosessar der polyuretansambindingar blir danna, brukte eller varma opp.

Eksponering skjer særleg i desse tilfella:

  • Det skjer ved sprøytelakkering med isocyanathaldig måling eller lakk.

  • Det skjer ved kontakt med polyuretan som ikkje er ferdig herda, og derfor inneheld reaktive isocyanatgrupper.

  • Det skjer når polyuretansambindingar blir varma opp til over 150 °C slik at det blir frigjort isocyanat. Dette kan skje ved ulike typar varmebehandling, til dømes sveising, varmherding, skjering eller lodding, eller flammelaminering av overflater som er belagde med polyuretanprodukt.

  • Det skjer på stasjonære arbeidsplassar i fast etablerte produksjonsanlegg der isocyanat blir brukt.

  • Det skjer ved brann.

Isocyanat av typen monomeren er meir flyktig enn prepolymeren. Derfor er det farlegare.

Farar

Sjølv små mengder isocyanat kan gi alvorlege helseskadar. Isocyanat har høg luktterskel. Vi kan ikkje lukte dei før dei er langt over helseskadeleg nivå. Vi kan derfor inhalere giftige dosar utan luktvarsel.

Eksponering av isocyanat kan gi:

  • irritasjon av auge, hud og luftvegar

  • allergisk reaksjon ved innanding og hudkontakt

  • astma

Det vanlegaste symptomet på eksponering er problem med pusten, til dømes tett eller rennande nase, snue, irritasjonshoste og naseblod. Den som er eksponert, kan òg få hovudverk eller kjenne seg tung i hovudet, få nedsett lungefunksjon og puste tyngre ved anstrengingar.

Beskyttelse mot innanding

Som oftast er det nødvendig med andedragsvern med frisklufttilførsel som dekker heile ansiktet. Det er viktig å setje seg inn i bruksrettleiinga for maska. Luftmengda blir regulert slik at det alltid er overtrykk i maska.

Med eit visst gjennomsnittleg luftforbruk må det minst tre gonger så mykje luft til når du pustar inn, for at det ikkje skal oppstå undertrykk i andedragsvernet. Du må vere sikker på at lufta som blir brukt, er rein.

Ved låge konsentrasjonar og kortvarig arbeid kan du bruke halvmaske med gassfilter A2. Ved respiratorassistert utstyr med visir og filter kan filteret tetne utan at du merkar det. Då blir forureina luft trekt ned i lungene. Ved arbeid i tronge rom kan det òg vere nødvendig å bruke maske med lufttilførsel (overtrykk) som andedragsvern.

Beskyttelse av hud og auge

Arbeidstøyet skal beskytte huda. Tettsitjande briller og ansiktsskjerm skal beskytte auga mot søl og sprut. Isocyanat trenger gjennom ei rekke materiale, men hanskar av PVC eller syntetisk gummi er veleigna. Det same gjeld sko og støvlar av gummi.

Kjeledressen må òg vere ugjennomtrengeleg for isocyanat. Forhøyr deg med leverandøren om det. Utstyr for augeskyljing må vere lett tilgjengeleg.

Krav til opplæring for alle som bruker diisocyanat:

Frå 24. august 2023 må alle som bruker diisocyanat og diisocyanathaldige blandingar kunne dokumentere fullført opplæring i sikker bruk.

Rettshavar: FROSIO.
Sist oppdatert 24.01.2024