Farar ved overflatebehandling

Farar ved overflatebehandling
Når vi tenker HMS i samband med overflatebehandling, deler vi ofte farane inn i dei tre kategoriane helse, miljø og sikkerheit.
Sikkerheit
Sikkerheita til overflatebehandlaren er svært viktig. Du må gjennomføre ein SJA (Sikker jobbanalyse) for å vurdere om jobben har ein sikkerheitsrisiko.
Risikomoment du kan bli utsett for:
høghastigheits- og/eller trykksette slipemedium med høg kinetisk energi
elektrisk støyt
kollaps på grunn av oksygenmangel (lukka rom eller forureina pusteluft i eksplosjonshjelmen)

Helse
Sikkerheitselement handlar stort sett om akutt sikkerheitsrisiko under arbeidet. Men dei helsemessige utfordringane kan vere ein risiko på lang sikt.
Pustar du inn støv under sliping, kan det vere at du hostar litt. Men støvet kan legge seg i lungene. På lang sikt kan det vere ein helserisiko. Derfor er det viktig å kjenne materiala og kjemikala du jobbar med. Du må vurdere korleis kjemikala påverkar helsa di på lang sikt.
Helsemessige risikomoment kan vere støv, støy, gammal måling (tungmetall og støv) og temperatur.
Miljø
Måling finst i mange ulike former og samansetningar. Få målingstypar finst naturleg i naturen. Dei fleste er kjemisk framstilte. Dersom du ikkje behandlar dei på ein miljømessig trygg måte, kan det vere ein miljørisiko.
Det er viktig å vite at også gammal måling som du blæs, skrapar eller sliper vekk, kan vere risikoavfall. Måling som blei brukt før i tida, inneheldt kjemikal som no er forbodne på grunn av miljørisikoane.
Derfor må du behandle både målingsrestar og avfall etter reingjering og reinsing både frå ny og gammal måling på ein trygg og sikker måte.

Helsemessige utfordringar
Støv
Oksygen går inn i kroppen gjennom lungene og vidare inn i blodsystemet. Cellene som sit på luftrøyra i lungene, er dekte av små flimmerhår. Flimmerhåra beveger seg fram og tilbake for å feie slimet oppover mot halsen. Det bidreg til å fjerne støv og mikroorganismar. Slimet svelger du vanlegvis.
Støv kan bli fanga i lungene og skape ein barriere mot oksygenopptaket.
Små partiklar (<5 mikron) er verst. Dei trenger djupt inn i lungene og reduserer effekten av dei små håra. Det fører til opphoping av støv, slim og mikroorganismar i lungene. Ei eigna maske filtrerer støvet bort og slepper rein luft inn i lungene.
Støv som kjem inn i lungene, kan gi fleire sjukdommar:
silikose (innanding av silika frå slipemiddel og kvarts)
asbestose (frå støv av asbest)
siderosis (frå støv av jernoksid)
lungekreft (frå kvarts og asbest)
Støy
Støynivået er ofte svært høgt når du arbeider med overflatebehandling. Nivå på 120–130 desibel er vanlege. I mange land er høyrselsvern påbode ved nivå over 85 desibel.

Både luftkompressorar, luftverktøy, slipande blåsing og vasspylingsaktivitetar bruker utstyr som kan produsere støynivå over 85 desibel.
Midlertidig eller permanent nedsett høyrsel er ein typisk konsekvens av overdriven eksponering for støy.