Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Risikomoment: løysemiddel

Løysemiddel skal løyse opp bindemidla i målinga og fortynne henne slik at ho får ein passe konsistens til påføring. For å vareta eiga helse er det viktig å kjenne til farar og sikkerheitstiltak når du blir eksponert for slike løysemiddel.

Helsefare ved eksponering for løysemiddel

Løysemiddel er det vi kallar flyktige stoff. Dei løyser opp bindemidla og fortynner målinga slik at ho får ein passe konsistens til påføring. I dag bruker vi helst vatn som tynnemiddel i måling, då i dispersjonsmåling eller emulsjonsmåling.

Skal du bruke løysemiddelbaserte målingssystem, er det viktig å vite kva type løysemiddel som er brukte. Det har noko å seie for vernetiltaka. Det kan òg bety noko for utstyret du skal bruke til påføring av målinga.

Akutte effektar

Løysemiddel kan gi akutte reaksjonar. Døme på slike akutte effektar er hovudverk, unormal trøyttleik, svimmelheit og kvalme.

Langtidseffektar

Dersom du blir utsett for løysemiddel over lang tid, gjerne i mindre dosar som ikkje gir akutte effektar, kan du få langvarige helseproblem.

Døme på slike langvarige helseproblem:

  • irritabilitet

  • tap av minne

  • organskade (nyre, lever, sentralnervesystemet)

  • redusert reaksjonsevne

  • redusert vurderingsevne

  • hudirritasjon

  • eksem

  • tørr og sprokken hud

Innanding av løysemiddel

Den vanlegaste og farlegaste måten for kroppen å absorbere løysemiddel på, er gjennom innanding.

Løysemiddel blir transporterte av blodstraumen til indre organ i kroppen. Kor stor mengde løysemiddel kroppen kan absorbere og kva effekt dette har, avheng av

  • type løysemiddel

  • eksponeringsperiode

  • konsentrasjon

  • arbeidsbelastning

Langvarig eksponering for løysemiddel kan gi langvarige skadar på sentralnervesystemet (CNS), luftvegane, levra, nyra og reproduksjonssystema.

Beskyttande tiltak

Det er viktig å lese sikkerheitsdatabladet frå produsenten for å kartlegge sikkerheitstiltaka du treng for å vareta eiga helse.

Døme på slike sikkerheitstiltak:

  • rett ventilasjon

  • godkjend, beskyttande maske

Rettshavar: FROSIO.
Sist oppdatert 24.01.2024