Risikomoment: måling som inneheld tungmetall

Helsefare: måling som inneheld tungmetall
Av og til blir tungmetall brukt i pigment, tilsetjingsstoff og målingstørkarar. Tungmetall er stoff som sink, kopar, bly, krom, nikkel og kobolt. Dei kan skade luftvegar, lunger og kroppen generelt når du pustar inn støv og damp.
Sink kan forårsake sinkfeber (metallfeber). Metallfeber er ein influensaliknande sjukdom. Han gir symptom som hoste, frysningar, feber, uvelheit og muskelsmerter.
Kopar kan òg forårsake metallfeber.
Bly kan skade blodcellene og føre til anemi, skjelettskadar, redusert fruktbarheit og skade på sentralnervesystemet.
Krom kan gi allergisk reaksjon, og det kan vere kreftframkallande.
Nikkel og kobolt kan òg gi allergisk reaksjon (sensibilisering).
Beskyttande tiltak
Den største risikoen for å bli utsett for tungmetall er ved innanding, altså når du pustar inn støv eller damp i lufta.
For å redusere faren for det kan du bruke personleg verneutstyr som dekker heile kroppen:
vernemaske
verneklede som dekker heile kroppen
støvlar og hanskar