Risikomoment: løysemiddel

Helsefare ved eksponering for løysemiddel
Løysemiddel er det vi kallar flyktige stoff. Dei løyser opp bindemidla og fortynner målinga slik at ho får ein passe konsistens til påføring. I dag bruker vi helst vatn som tynnemiddel i måling, då i dispersjonsmåling eller emulsjonsmåling.
Skal du bruke løysemiddelbaserte målingssystem, er det viktig å vite kva type løysemiddel som er brukte. Det har noko å seie for vernetiltaka. Det kan òg bety noko for utstyret du skal bruke til påføring av målinga.
Akutte effektar
Løysemiddel kan gi akutte reaksjonar. Døme på slike akutte effektar er hovudverk, unormal trøyttleik, svimmelheit og kvalme.
Langtidseffektar
Dersom du blir utsett for løysemiddel over lang tid, gjerne i mindre dosar som ikkje gir akutte effektar, kan du få langvarige helseproblem.
Døme på slike langvarige helseproblem:
irritabilitet
tap av minne
organskade (nyre, lever, sentralnervesystemet)
redusert reaksjonsevne
redusert vurderingsevne
hudirritasjon
eksem
tørr og sprokken hud
Innanding av løysemiddel
Den vanlegaste og farlegaste måten for kroppen å absorbere løysemiddel på, er gjennom innanding.
Løysemiddel blir transporterte av blodstraumen til indre organ i kroppen. Kor stor mengde løysemiddel kroppen kan absorbere og kva effekt dette har, avheng av
type løysemiddel
eksponeringsperiode
konsentrasjon
arbeidsbelastning
Langvarig eksponering for løysemiddel kan gi langvarige skadar på sentralnervesystemet (CNS), luftvegane, levra, nyra og reproduksjonssystema.
Beskyttande tiltak
Det er viktig å lese sikkerheitsdatabladet frå produsenten for å kartlegge sikkerheitstiltaka du treng for å vareta eiga helse.
Døme på slike sikkerheitstiltak:
rett ventilasjon
godkjend, beskyttande maske