Risikoar og beskyttelse

Sikkerheit
Farane når du påfører måling, har ofte med løysemiddel å gjere. Dei fleste løysemidla som blir brukte i måling, er brannfarlege. Dei er òg flyktige. Det vil seie at dei dampar og blandar seg med lufta.
Kor brannfarleg er måling?
"Flammepunktet" kan fortelje oss kor brennbar målinga er. Flammepunktet er den lågaste temperaturen der ein gneiste får dampen til ei væske til å ta fyr (målt under standardiserte testvilkår).
Brennbarheita klassifiserer vi slik:
kategori 1: flammepunkt under 23°C og kokepunkt under 35°C
kategori 2: flammepunkt under 23°C og kokepunkt over 35°C
kategori 3: flammepunkt mellom 23°C og 60°C
kategori 4: flammepunkt mellom 60°C og 93°C
Informasjon om flammepunktet skal stå på sikkerheitsdatabladet til produktet.
Arbeid med løysemiddel
Løysemiddel er tyngre enn luft. Derfor stig ikkje dampen frå desse løysemidla opp i lufta. Dei samlar seg nedst i eit rom, i ein kjellar eller nede i ein tank.
Jobbar du med løysemiddel éin stad på ein konstruksjon, kan avdunsting frå løysemidla samle seg i ein kjellar der nokon arbeider med mekanisk arbeid som skaper gneistar. Slikt varmt arbeid kan då setje fyr på løysemidla, og ein brann eller ein eksplosjon kan oppstå.

Forholdsreglar ved måling i tronge rom
Jobbar du i eit lukka rom, forsvinn ikkje løysemidla med vanleg lufting. Dei samlar seg i rommet. Derfor må du sørge for god ventilasjon, eventuelt med vifte for å suge ut løysemidla. Då er det viktig at vifta syg ut nede ved golvet, og at det blir tilført frisk luft i pustehøgd.
Korleis du planlegg jobben, er òg viktig. Start påføringa frå botnen og oppover. Då slepp du å stå bøygd og puste i området der løysemiddeldampen kan ha samla seg.
Gneistar saman med løysemiddel er òg ein stor sikkerheitsrisiko. Bruk alltid gneistefrie verktøy og antistatiske klede med hette for å unngå tenning og eksplosjon.

Det er òg andre viktige omsyn å ta:
Bruk masker med ekstern lufttilførsel.
Bruk støvlar og hanskar.
Bruk sikkerheitsliner slik at andre kan dra deg ut om det skjer noko, utan å setje seg sjølve i fare.
Ta kvilepausar i frisk luft.
Du må aldri røyke eller bruke open eld når du jobbar med løysemiddel.
Konsentrasjon der ein eksplosjon kan oppstå

Fare for eksplosjon blir definert som ei eksplosjonsgrense. Under den nedre eksplosjonsgrensa (LEL) er konsentrasjonen av gass for låg til at ein eksplosjon kan finne stad. Over den øvre eksplosjonsgrensa (UEL) er konsentrasjonen av gass for høg til at ein eksplosjon kan finne stad.
Det farlege konsentrasjonsnivået ligg mellom LEL og UEL. Der kan ein eksplosjon lett oppstå. Her er blandinga av gass og oksygen brennbar og eksplosiv.
Typisk område for løysemiddel:
mellom 1 vol. (10 000 ppm) og 8 vol. (80 000 ppm)
HUGS: Løysemiddeldamp er tyngre enn luft. Du må måle i ulike høgder. På botnen av ein tank kan det vere ein konsentrasjon som er over UEL, og i toppen av tanken ein verdi som er under LEL.
Ein stad midt i tanken kan det då vere ein konsentrasjon som ligg mellom LEL og UEL. Då er det fare for brann og eksplosjon.
Grenseverdiar: maksimale eksponeringsnivå for ein arbeidsplass
Det finst reglar for kor mykje løysemiddel du kan bli utsett for kvar dag utan at det er direkte skadeleg. Det blir kalla terskelverdien (TLV).
TLV av eit kjemisk stoff er eit nivå som vi går ut frå at ein arbeidstakar kan bli utsett for utan biverknader dag etter dag i ei levetid. TLV er ei standardisert nemning frå American Conference of Governmental Industrial Hygienists (ACGIH). TLV utferda av ACGIH er dei mest aksepterte yrkeseksponeringsgrensene i USA og dei fleste andre land.
Yrkesmessig eksponeringsgrense (OEL)
OEL (Occupational Exposure Limits) er ei øvre grense for akseptabel konsentrasjon av eit farleg stoff i lufta på arbeidsplassen for eit bestemt materiale eller ein bestemt materialklasse.
Ho blir vanlegvis fastsett av kompetente nasjonale styresmakter og handheva ved lovgiving for å vareta helse og sikkerheit på arbeidsplassen. Det er eit viktig verktøy i risikovurderinga og utføringa av aktivitetar som har med handtering av farlege stoff å gjere.
OEL har vore etablert for luftborne kjemikal på arbeidsplassen av fleire bransje- og standardiseringsorganisasjonar over heile verda i over 60 år.
Forvaltningsnorma, norsk norm
Dette var eit tidlegare system for å etablere norske normer for ureinskapar i atmosfæren på arbeidsplassen. I 2013 blei dei erstatta av «Forskrift om tiltaksverdier og grenseverdier for fysiske og kjemiske faktorer i arbeidsmiljøet samt smitterisikogrupper for biologiske faktorer», gitt ut av det dåverande Arbeidsdepartementet, i dag Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Korleis kan vi merke at løysemidla er der?
Vi menneske har eit innebygd deteksjonssystem for løysemiddel i nasen. Vi kan lukte vanlege løysemiddel i ein langt lågare konsentrasjon enn det som er skadeleg for helsa vår.
Løysemiddel kan få tilsett lukt for at vi skal kunne kjenne dei før konsentrasjonen blir helseskadeleg eller brannfarleg/eksplosjonsfarleg.
Vi kan vanlegvis lukte løysemidla før grensa for den administrative norma er nådd. Vanleg luktgrense er 0,5–20 ppm.