Kiwano - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kiwano

Kiwano, eller hornmelon som nokon kallar han, er ei frukt som er i slekt med både agurk og melon. Han har opphavet sitt i Afrika, der han har vore kjend i fleire hundre år.

Dyrking og largring

Så seint som i 1980-åra bestemde ein bonde i New Zealand seg for å satse på denne frukta og tok patent på namnet kiwano. Namnet er eit registrert varemerke, men frukta blir no produsert fleire stader under andre namn, mellom anna melano og pepano.

Kiwano blir oppbevart på same måte som bananar, helst mellom 15 og 20 gradar. Dei skal ikkje på kjøl, og dei skal ikkje utsetjast for trekk eller etylenproduserande frukt.

Eigenskapar

Fruktkjøttet er vakkert grønt og veldig saftig og inneheld mange små frø. Konsistensen kan minne litt om agurk. Smaken er mild, frisk og sursøt og kan beskrivast som ei blanding av melon og agurk med ein smule lime og banan. Utvendig har frukta eit gult, lêraktig skal med små piggar eller horn. Når frukta er moden, er skalet guloransje. Forma er oval, og ho kan bli 10–15 cm lang.

Bruksområde

Kiwano kan skjerast opp på langs, og vi bruker skei for å få ut fruktkjøttet. Vi kan òg dele han i skiver og behalde det dekorative skalet på. Kiwano er ideell til å mikse i drinkar og fruktbollar. Han kan blandast med anna frukt i til dømes ein eksotisk fruktsalat. Den milde smaken gjer at kiwano òg passar fint i rekecocktail, eller han kan rørast inn i naturell yoghurt som eit lite mellommåltid.

Næringsinnhald

Kiwano er kalorifattig, han er rik på kalsium og magnesium, og han inneheld noko vitamin C.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Kiwano skal vere heil og fast utan sprekkar eller andre ytre skadar. Frukta skal vere jamt guloransje utan brune eller mørke flekkar.

Med andre ord

latin: Cucumis metuliferus
engelsk: kiwano, horned melon, jelly melon
tysk: Kiwano, Afrikanische Gurke
fransk: kiwano, cocombre africane

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 17.04.2020