Avokado - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Avokado

Avokado kjem opphavleg frå Mellom-Amerika og blir no dyrka i dei fleste tropiske og subtropiske strøk. Avokado veks på tre og er ei frukt, men sidan han verken er søt eller inneheld fruktsyre, blir han av nokon sett på som ei grønsak.

Utsjånad og lagring

Avokadoen er pæreforma, med grønt eller svart skal, og han finst i ulike variantar.

Storleiken på avokadoen kan variere frå 150 g til 2 kg. Skalet er glatt eller knudrete, og fruktkjøttet har ein lysegrøn eller gulkvit farge. I midten sit ein stor kjerne som vi fjernar ved å kløyve frukta langsetter. Smaken er mild, nøtteaktig og behageleg. Avokado blir hausta umoden for at han skal tole transport, og modnast undervegs. Den mest brukte avokadovarianten i Noreg er sorten hass.

Umoden avokado har lang haldbarheit i temperaturar mellom 6 og 10 gradar, men han modnast lett på kjøkkenbenken. Moden avokado kan oppbevarast i kjøleskap, men aldri under 5 gradar. Ved lågare temperatur blir fruktkjøttet misfarga.

Bruksområde

Før bruk må vi dele avokadoen i to og fjerne steinen. Frukta kan serverast i skalet, eller vi kan fjerne skalet heilt. Avokado har ein nøtteaktig mild og nøytral smak og ein kremaktig konsistens. Han kan nyttast til svært mykje. Han eignar seg godt til å balansere sterkare rettar. Han er mykje brukt i det latinamerikanske kjøkkenet. Texmex utan guacamole, som er mosa avokado, er utenkeleg.

Avokado blir gjerne brukt i salatar, i grillsausen, i eigne forrettar, gjerne med reker, i kalde supper og kremar til dessert, som pålegg, og han er super å bruke i smoothie.

Avokado blir mest brukt rå. Blir han kokt, kan han få ein beisk smak. Steiking i nokre sekund går greitt. Avokado kan brukast som barnemat eller på smørbrød. Nokre dropar sitron på fruktkjøttet vil hindre at det blir misfarga.

Næringsinnhald

Avokado er ei feit frukt som inneheld mykje av dei sunne feittsyrene, særleg einumetta feitt. Avokado er òg ei god kjelde til folat, vitamin C og mineralet kalium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Avokado finst i fleire variantar. Grossistar kan ofte levere den modningsgraden som er ønskeleg. Skalet hos dei glatte variantane skal vere blankt og fast utan teikn til uttørking. Ein moden avokado gir etter for eit lett trykk, og når frukta blir skoren i to, losnar kjernen lett frå fruktkjøttet. Ein moden avokado har òg ein kremaktig konsistens som er smørbar. Hard avokado er umoden vare og må modnast i butikken eller hos forbrukaren.

Film om avokado

I filmen under (ca. 1 min) kan du lære meir om avokado og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Korleis lage guacamole?

I filmen under (1:40) kan du lære å lage guacamole av avokado.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Persea americana
engelsk: avocado
tysk: Avocado
fransk: avocat

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024