Tomat - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Tomat

Tomaten kjem opphavleg frå Sør-Amerika og kom til Europa med Columbus. Tomatplanten vart først nytta som prydplante, og det var først på 1800-talet at tomat vart populær som mat i Italia og andre land rundt Middelhavet.

Eigenskapar

Det var så seint som etter første verdskrigen at tomat vart akseptert og vanleg i Nord-Europa. Tomat blir dyrka både på friland og i veksthus over store delar av verda. Den norske sesongen strekker seg frå april til oktober, men tomaten kan dyrkast i veksthus året rundt. Modne tomatar har kort haldbarheit. Ved oppbevaring under 8 gradar taper tomatar smak og aroma, og dei blir raskare blaute.

Tomat har eit tynt skal og relativt tynt fruktkjøtt rundt ein geléaktig masse der det sit mange flate frø. Den blaute massen, der frøa sit, ligg i fleire kammer.

Den vanlegaste tomatsorten er den med runde, glatte tomatar, cirka fire til sju cm i diameter og med tre til fem fruktkammer. Det finst tomatar i tallause variantar: mørkeraude, lyseraude, oransje eller gule. Storleiken varierer frå dei minste cherrytomatane på eit par centimeter i diameter til bifftomatar som kan vege over 250 g.

Talet på fruktkammer varierer frå to til meir enn ti, og fasongen varierer frå rund til avlang, flaske- eller pæreforma. Dei kan vere glatte og jamne eller ha tydelege langsgåande riller. Det er òg ulikskapar i smakseigenskapane og tjukkleiken på fruktkjøttet. Tomatar blir selde anten lause eller hengande på stilk. I dei seinaste åra har utvalet av tomatar auka kraftig, og vi kan no òg få dei fleste typane som klasetomatar. Tomatar kan haustast når dei er mogne innvendig sjølv om skalet ikkje har fått fullstendig farge. Dette utviklar seg under distribusjonen.

Bruksområde

Tomat har eit stort bruksområde og kan lagast til på mange ulike måtar. Tomatar kan etast naturelle, kokte, smørdampa, steikte eller gratinerte. Dei er gode i salatar eller som tilbehøyr. Grøne tomatar er godt eigna til sylting.

Kvalitetskrav

Tomatar skal vere heile, reine og fri for framand lukt eller smak. Dei skal vere sortstypiske av form og utsjånad. Skalet skal vere stramt og skinande, uansett kva mogningsgrad tomaten er i. Han skal ikkje ha mjuke flekker, eller "grøn skulder", som vil seie grønfarge frå stilkfestet og eit stykke nedover på tomaten.

Næringsinnhald

Tomatar er kalorifattige og rike på vitamin A og C i tillegg til mineral. Dei inneheld òg store mengder lykopen, som er ein kraftig antioksidant. Lykopen skal vere ekstra gunstig for å hindre utvikling av prostatakreft.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Film om tomat

I den korte filmen under kan du lære meir om tomat og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

Latin: Lycopersicon lycopersicum L.
Engelsk: tomato
Tysk: Tomate
Fransk: tomate

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020