Artisjokk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Artisjokk

Artisjokk er ein gammal kulturplante som vart dyrka ved kysten av Middelhavet. No blir det dyrka artisjokk over heile Sør-Europa og i California.

Hausting og lagring

Artisjokk er eigentleg blomsterknoppen til ein tistelliknande medlem av korgplantefamilien, og han blir hausta like før blomstring. Det er dei store usprungne blomsterhovuda som blir nytta som grønsak.

Han bør helst lagrast mellom 6 og 8 gradar. Dersom artisjokken blir oppbevart på kjølerom, kan det lønne seg å dekke kassen med ein våt duk for å halde luftfukta ved like.

Variantar

Artisjokken finst i fleire fargar – som grøn og lilla, eller i sjatteringar av dette, men den grøne er mest vanleg hos oss. Artisjokk blir av mange rekna som den finaste og lekraste av alle grønsaker, og smaken er mild og god.

Bruksområde

Artisjokk kan serverast som forrett eller som sjølvstendig rett. Som forrett reknar vi minst ein halv artisjokk per person. Koketida varierer etter kor stor artisjokken er, men rekn frå 30 til 50 minutt. Når han er riktig kokt, skal dei enkelte blada sitje laust. Desse skal forsiktig nappast ut eitt for eitt og etast med rørt smør eller saus av ulike variantar. Det er det nedste på blada som skal etast. Til slutt ligg det beste att, nemleg blomsterbotnen, som er delikatessa. Blomsterbotnen et vi med kniv og gaffel. Artisjokk kan òg bakast i omn, men ikkje etast rå.

Næringsinnhald

Artisjokkar er svært rike på B-vitaminet folat og på antioksidantar. I tillegg inneheld dei fiberstoffet inulin.

Artisjokk inneheld cynarin, som er eit bitterstoff med positive verknader mot leversjukdommar og mageuro.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Artisjokken skal verke tung i høve til storleiken. Han skal vere kompakt, og knoppane skal vere lukka. Blada og blomsterbotnen skal vere godt utvikla, mjuke og saftige. Fargen på artisjokken varierer utover sesongen og etter kva land vara kjem frå. Store artisjokkar er best fordi sjølve delikatessa, artisjokkbotnen, blir større.

Med andre ord

latin: Cynara scolymus
engelsk: globe artichoke
tysk: Artischocke
fransk: artichaut

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024