Slangeagurk - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Slangeagurk

Agurk kjem opphavleg frå India, der han framleis veks vilt ved foten av Himalaya. Vi kjenner til at han vart dyrka i Kina for over 3000 år sidan, og at han kom til Noreg på 1600-talet.

Dyrking og lagring

Det finst mange typar agurk, men den vanlegaste i handelen er slangeagurken, òg kalla salatagurk. Han er avlang, mørkt grøn og rund i forma, og smaken er mild og god. Fruktkjøttet er kvitt, saftig og mjukt. Agurk er utan tvil ei av dei grønsakene vi et mest av her i landet, og han blir dyrka i Noreg heile året.

Den norske sesongen strekker seg frå april til oktober, men han kan dyrkast i veksthus året rundt. Agurk tek skade av så vel lågare som høgare temperaturar og bør lagrast ved 12 gradar. Pakkar du agurken i plast, blir han verna mot uttørking og etylenpåverknad.

Bruksområde

Agurk kan nyttast til salat i mange variantar, kutta i skiver eller terningar. Agurk blir òg nytta som pålegg på smørbrød saman med ost, tomat, kaviar og så vidare. Til fiskerettar og pasta er agurk ei mykje nytta grønsak.

Næringsinnhald

Agurk har lågt energi- og feittinnhald og er ei kjelde til kostfiber. Kostfiber er gunstig for fordøyinga. Agurken inneheld mykje vatn og har låg næringsverdi, men inneheld likevel noko vitamin A og C i tillegg til kalsium og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Agurk skal vere mørkegrøn i fargen og fast i konsistensen. Skalet er lett knudrete eller glatt. Agurk skal vere velforma og ikkje for sterkt bøygd. Han skal òg vere fri for prikkar og mjuke flekker.

Film om agurk

I den korte filmen under kan du lære meir om agurk og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Opplysningskontoret for frukt og grønt / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Cucumeris
engelsk: cucumber
tysk: Gurke
fransk: concombre

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020