Aubergine - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Aubergine

Auberginen kom frå Asia til Europa på 1600-talet. Han er frukta av ein plante som høyrer til same familie som potet og tomat. Auberginar er oftast avlange eller eggforma, men dei finst òg runde. Aubergine blir òg kalla eggfrukt.

Utsjånad og lagring

Fargen på skalet er vanlegvis svart eller mørkt fiolett, men auberginar finst òg i fleire andre fargar, som kvit, raud, lilla og gul. Konsistensen er svampaktig, tørr og mjuk, og fruktkjøttet er kvitt med ei rad små kjernar. Smaken er mild, men auberginar må etast laga til og ikkje rå.

Haldbarheita til aubergine kjem an på temperaturen og etylenmengda i lufta. Ved oppbevaring i ideelle omgivnader kan aubergine halde i over to veker. Aubergine blir òg verna betre mot uttørking når han er pakka i plast. Han bør lagrast mellom 8 og 10 gradar.

Bruksområde

Før vi bruker auberginen, bør vi skjere han opp i tjukke skiver eller dele han i to halvdelar og drysse på salt og tilsetje nokre dropar sitron. Då oppnår vi best resultat og unngår ein bitter smak. Skyl av salt og sitron etter 15 minutt.

Aubergine kan brukast til salat etter forvelling, til gryterettar og som ingrediens i moussaka eller ratatouille. Han blir òg brukt som grønsak til italienske og orientalske rettar og i supper. Aubergine kan delast i to og forvellast og deretter bli fylt og gratinert i omn, eller han kan bakast heil.

Næringsinnhald

Aubergine er kalorifattig. Han inneheld noko vitamin A, B og C og dessutan litt kalsium og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Aubergine skal vere fast og blank med jamn mørk fiolett farge. Stilken og begerblada skal vere lysegrøne med ein frisk utsjånad utan uttørking. Idealvekta er frå 400 til 750 g.

Film om aubergine

I den korte filmen under kan du lære meir om aubergine og få tips til korleis han kan bli laga til og servert.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Film om ratatouille

Aubergine inngår i den kjende grønsakstuingen ratatouille. I den korte filmen under kan du lære å lage denne retten.

Video: Bama / CC BY-NC-ND 4.0

Med andre ord

latin: Solanum melongena
engelsk: eggplant
tysk: Aubergine
fransk: aubergine

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 18.09.2024