Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Graskar

Graskar kjem opphavleg frå Amerika, og arkeologiske funn viser at dei amerikanske urfolka dyrka graskar for 5000–6000 år sidan. Graskar har eit tjukt, hardt skal som kan vere glatt, knudrete eller med langsgåande riller. Fruktkjøttet er gult til oransje, fast og søtt.

Dyrking og lagring

Den norske sesongen strekker seg frå august til november. På grunn av det tjukke skalet kan store graskar lagrast i månadsvis. Graskar som er delte, har kortare haldbarheit og bør omsetjast raskt.

Bruksområde

Graskar finst i mange variantar.

Vi skil mellom matgraskar og dekorasjonsgraskar (pyntegraskar). Matgraskar er til dømes butternut, muskatt, hokkaido og Crown Prince/Grey. Dekorasjonsgraskar er dei typiske halloween-graskara og dei små, søte og ofte ruglete pyntegraskara.

Graskar smakar aller best varmebehandla. Det kan kokast, syltast, steikast, dampast og wokast. Det er nydeleg i supper, i puréar og i bakverk. Sylta graskar er nydeleg til kjøtt- og fiskerettar. Når du skal bruke graskar, kan du gjere dette:

  • Del og skrell graskaret.

  • Fjern det svampaktige vevet og kjernane i midten.

  • Skyll og rist kjernane – dei er gode i ei nøtteblanding, som snacks og i bakverk.

Halloween-graskar kan gjerne brukast i matlaginga, men slike pyntegraskar har mindre smak.

Kjøttet har ein litt søtleg smak som kan minne om gulrot eller søtpotet, og det passar derfor bra å bruke graskar i oppskrifter der ein bruker gulrot, for eksempel i suppe og kake.

Kvalitetskrav

Graskar finst i mange ulike former, fargar og storleikar, og det er derfor vanskeleg å gi eksakte kvalitetsnormer. Graskar skal vere reine og heile og utan mugg, støytskadar eller mjuke flekker. Fruktkjøttet skal vere fast, og grønsaka skal kjennast tung i forhold til storleiken. Graskar må handterast varsamt sidan dei lett blir skadde på grunn av den høge vekta.

Næringsinnhald

Graskar inneheld noko karoten, som gir A-vitamin. Graskar er kalorifattig og inneheld noko kostfiber.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord

latin: Cucurbita maxima
engelsk: pumpkin
tysk: Riesenkürbis
fransk: potiron

Rettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist oppdatert 26.06.2026